Men det byrja bra for nordmannen. Ruud vann det første gamet i kampen, og gjekk opp i leiinga 1-0 i det første settet.
Derifrå gjekk det derimot ikkje like godt. Tennistalentet vann ingen fleire games, og tapte setta henholdsvis 1-6 og 0-6.
Dermed raukt 17-åringen ut av Challenger-turneringen i Marokko i åttedelsfinalen.
Tøff motstand
Motstandaren til Ruud, Gerald Melzer, er ranka som nummer 87 i verda av ATP (Det internasjonale tennisforbundet). Ruud ligg foreløpig på ein 259. plass, og det skulle nærmast ein senasjon til om Ruud skulle ha vunne.
Noko sensasjon vart det derimot ikkje, og kampen var over på under timen. Då hadde Ruud tapt 2-0.
Ruud vann i går den første kampen i turneringa mot Oscar Otte. Der vann han to strake sett mot tyskaren, som er rangert som nummer 299.
Challenger-turneringane er det andre høgaste nivået av tennisturneringar, hakket under ATP World touren.