Ruud sleit seg til siger
Casper Ruud måtte slite lenge mot Mario Vilella Martinez i tennisturneringa i alpinbyen Kitzbühel onsdag.
I første sett låg han under med 1-4, men reiste seg og vann 7-5.
I det andre braut Martinez Ruuds siste servegame, og vann 7-5.
Dermed måtte det eit tredje sett til, og der braut Ruud allereie i første game. Deretter held begge sine servegame, og Ruud vann 6-4.
Martinez kom med i turneringa som lucky loser, og som er rangert som nummer 167 i verda. Ruud er førsteseeda i turneringa i Kitzbühel.
Dei to spelarane måtte vente i nesten to og ein halv time før kampen kunne kome i gang. Årsaka var heftig regnver.
I kvartfinalen møter Ruud svensken Mikael Ymer.