– Vi står igjen med tomme tribunar. Eg likar det ikkje. Eg håpar friidrettsforbundet vil jobbe hardare for å tiltrekkje seg tilskodarar, media og reklame, seier Marija Lasitskene til Ria Novosti etter å ha sesongdebutert i det russiske lagmeisterskapet i Sotsji.
Marija Lasitskene har vore den suverene høgdedronninga dei siste fem åra. Ho har plukka med seg alt av VM-, EM- og OL-gull i perioden, men på grunn av krigen i Ukraina kan ho ikkje konkurrere internasjonalt mot verdseliten.
OL-GULLVINNAR: Marija Lasitskene tok gullet i Tokyo i fjor sommar.
Foto: Martin Meissner / APHo er sterkt kritisk til stemneserien som skal erstatte dei prestisjetunge, internasjonale stemna:
– Nokon kalla det eit svar på Diamond League, men i røyndommen er det berre minnemerke, dei same tomme stadiona, seier Lasitskene, som kom med ei oppmoding:
– Vi burde ikkje hoppe i ei gravferd, men på ein høgtidsdag.
- Du kan sjå Diamond League frå Rabat i Marokko på NRK TV frå klokka 20.00 søndag.
Ektemannen med knallhard dom
Det var i midten av april det vart bestemt at Russland skulle få sitt eige «Diamond League» med 16 ulike konkurransar og finale.
– Dei vil bli haldne frå mai til august i åtte regionar av landet og det vil vere rundt 1000 idrettsutøvarar som deltek. Formatet vil ikkje berre avgrense seg til friidrett, sa Russlands idrettsminister, Oleg Matytsin.
IDRETTSMINISTER: Oleg Matytsin.
Foto: MAXIM SHEMETOV / ReutersEktemannen til Lasitskene – sportskommentatoren Vladas Lasitskas – er tydeleg på kva han meiner om konseptet etter det første stemnet.
På Twitter feller han følgjande dom:
- Atmosfære: 0 av 10
- Prispengar: 1 av 10
- Nivå på konkurrentane: 1 av 10
Lasitskas samanliknar opplegget med eit sovjetisk kollektivbruk, og vender seg til Russlands friidrettsforbund og idrettsministeriet: «Kven gjer dykk dette for?».
Skrev brev til Putin
23. juni 2020 skreiv Lasitskene saman med Sergej Sjubenkov og Anzjelika Sidorova eit ope brev til president Vladimir Putin, der ho lufta frustrasjonen sin over Russlands friidrettsforbund og den manglande evna til å vareta interessene til friidretten.
– Vi er på randa av den endelege kollapsen og øydelegginga av friidretten, meinte dei tre framståande utøvarane.
STAVSUKSESS: Anzjelika Sidorova er verdsmeister og europameister i stavsprang. Ho tok OL-sølv i fjor og vann Diamond League-stemnet i Zürich.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFPPå dåverande tidspunkt hadde Lasitskene ikkje fått lov til å delta i OL i Rio de Janeiro i 2016 som følgje av dopingskandalen i Sotsji.
Putin instruerte i 2019 friidrettsforbundet til å rette opp igjen medlemskapen i World Athletics innan 2. desember same år, men det klarte dei ikkje.
Vladas Lasitskas har fleire gonger uttrykt frustrasjon over korleis Russlands friidrettsforbund og idrettsministeriet forvaltar idretten dei siste månadene.
Då idrettsminister Matytsin sende ut pressemelding om at han ville møte utøvarane i slutten av mars, ønskte ikkje Lasitskene å stille opp.
Ho har vore stille i sosiale medium sidan Russland starta krigføringa i Ukraina.