Stillinga var 2–2 då Ronaldo kolliderte med Chievo-keeper Stefano Sorrentino i det 87. minutt.
Portugisaren var også på ballen med handa i den same situasjonen.
Ballen gjekk vidare til Mario Mandzukic, som heada han så vidt over mållinja.
Men så valde dommaren å nytte seg av VAR (videoassistert dømming) og annullerte etter mykje om og men scoringa – truleg grunna duellen mellom Ronaldo og Sorrentino.
Chievo-keeper Stefano Sorrentino måtte bytast ut etter smellen han fekk med Juventus-debutant Cristiano Ronaldo.
Foto: Antonio Calanni / APAvgjorde på overtid
Samtidig måtte Sorrentino bytast ut grunna smellen han fekk.
Likevel tok Juventus med seg alle poenga frå Chievo. Federico Bernardeschi scora tre minutt på overtid. Alex Sandro stod for den målgjevande pasninga.
Ifølgje livescore.com hadde Juventus ballen 74 prosent av tida i den spennande serieopninga.
Leonardo Bonucci var tilbake i Juventus-forsvaret etter ein sesong i AC Milan.
Foto: ALBERTO LINGRIA / ReutersKhedira med tidleg mål
Sigeren til «den gamle dama» sat altså langt inne. Men Juventus opna godt då tyske Sami Khedira sette inn 1–0 allereie i det tredje minutt.
Chievo gav seg derimot ikkje. Emanuele Giaccherini utlikna på straffe i det 38. minutt, før Emanuele Giaccherini sende gultrøyene opp i ei overraskande leiing ti minutt etter pause.
Juventus utlikna då Mattia Bani sette ballen i eige mål kvarteret før slutt, pressa fram av den «heimvende» forsvarsspelaren Leonardo Bonucci – før det altså vart ei svært dramatisk avslutning på Stadio M. A. Bentegodi.
Veteranen stod i vegen
Kva så med Ronaldo sitt spel elles?
Han viste tidvis fleire fine detaljar og kom også til nokre gode sjansar. Men den 39 år gamle Chievo-keeperen Stefano Sorrentino stod gong etter gong i vegen for den perfekte Ronaldo-debuten.
– Cristiano leverte ein god debut. Det er synd han ikkje scora, men samhandlinga med dei andre var god etter berre sju dagar i klubben, sa trener Massimiliano Allegri etter kampen ifølgje NTB.
Den snart 33 år gamle Cristiano Ronaldo starta kampen som spiss, men vart sendt ut på venstrevingen då Mandzukic kom på bana i det 64. minutt.
PS. At Ronaldo debuterte i italiensk fotball hadde nok sitt å seie for at Stadio M. A. Bentegodi var utselt. 39.000 tilskodarar er meir enn det doble av det gjennomsnittlege tilskodartalet på denne bana, ifølgje BBC.
Cristiano Ronaldo og kaptein Giorgio Chiellini kunne juble for tre poeng.
Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP