Hopp til innhold

Juventus-tilhengjarar dreiv utpressing av klubben – blir kopla til mafiaen

12 leiarar for ulike supportergrupper knytte til den italienske fotballklubben Juventus er arresterte, mistenkte for blant anna å ha pressa klubben for pengar.

Juventus-ultras arresterte i Torino.

Litt av beslaga politiet gjorde under aksjonen mot ultrasgrupper knytte til den italienske fotballklubben Juventus.

Foto: Alessandro Di Marco / AP

Dei såkalla ultras-grupperingane er dei mest fanatiske, og ofte også dei mest valdelege tilhengjarane til klubben. Alle store klubbar har slike grupper, og klubbane samarbeider med desse tilhengjarane i større eller mindre grad.

Juventus har tidlegare hatt eit slikt samarbeid med ultraene, blant anna ved at dei fekk sterkt rabatterte billettar, gratisbillettar, billeg drikke på klubben sine pubar og barar og meir.

Ultra-gruppene tente store pengar på å selje billettane vidare på svartebørsen, og det italienske fotballforbundet sette etter kvart foten ned.

Presidenten utestengt

Juventus-president Andrea Agnelli.

Juventus-president Andrea Agnelli vart utestengt i eitt år for å ha samarbeidd med ultrasguppene.

Foto: Alberto Pizzoli / AFP

Forbundet kravde at Juventus måtte slutte med denne praksisen, og klubben hadde ikkje noko anna val enn å følgje pålegget. Presidenten i klubben, Andrea Agnelli, vart stengt ute i eitt år på grunn av samarbeidet med ultrasgruppene.

Han kjem frå den styrtrike Agnelli-familien, som i tillegg til fotballklubben Juventus også eig det store Fiat-konsernet, som også har hovudkvarteret sitt i Torino.

Ultras-gruppene, som har namn som «Drughi», «Tradizione-Antichi valori», «Viking», «Nucleo 1985» og «Quelli di via Filadelfia», fann seg ikkje i at det vart slutt på privilegia dei hadde. Politiet meiner dei då starta ein omfattande utpressingskampanje mot klubben.

Når klubben nekta å gå tilbake til den gamle praksisen, så svarte ultragruppene blant anna med rasistiske tilrop mot svarte spelarar. Dette blir slått hardt ned på av fotballforbundet, og klubben blir straffa med store bøter. Dei har også måtta spele kampar med tomme tribuneseksjonar.

Politiaksjon mot Juventus-ultras.

Dyrking av fascistdiktatoren Benito Mussolini er ein del av ultraskulturen i Juventus. Det var mange Mussolini-effektar i materialet politiet tok beslag i.

Foto: Alessandro Di Marco / AP

Store inntektstap

Det betyr store inntektstap for klubben.

Italiensk politi har også funne spor etter samarbeid mellom ultras-gruppene og den mektige mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta, som opphavleg hadde hovudområdet sitt heilt på sørspissen av det italienske fastlandet.

Dei siste åra har 'Ndrangheta skaffa seg eit solid fotfeste også i det nordlege Italia, den rikaste delen av landet. Organisasjonen er truleg den mest brutale, men også den rikaste av dei italienske mafiagruppene.

Politiet meiner 'Ndrangheta har infiltrert fleire av ultrasgruppene til Juventus.

Ultraene er kjende for å vere både valdelege og rasistiske. Fleire av dei dyrkar minnet om den fascistiske diktatoren Benito Mussolini, og blant beslaga politiet har gjort i aksjonen er det mange bilete og plakatar som hyllar Mussolini.

Dei fann også nazistiske- og fascistiske flagg,

Juventus-tilhengjarar.

Stor stemning på Juventus-stadion i Torino.

Foto: Marco Bertorello / AFP

37 under etterforsking

Juventus er den mest suksessfulle italienske fotballklubben i moderne tid, og laget har vunne Serie A dei siste åtte åra. Dei har vunne cupen 13 gongar, noko som er rekord i Italia.

I tillegg til dei 12 som er arresterte i den siste aksjonen er 24 andre også under etterforsking. Alle blir etterforska for å ha vore med i ei kriminell gruppe, for alvorleg utpressing, kvitvasking av pengar og valdsbruk.

Politiet har dei siste dagane gjennomført 39 husransakingar i 14 ulike byar og nabolag i det nordlege- og det sentrale Italia.

Ein av dei arresterte er leiaren for «Drughi», Geraldo «Dino» Mocciola. Han har tidlegare sona ei fengselsstraff for drapet på eit politimann tidleg på 1990-talet.