– Vi skulle hatt to straffer, og dei skulle hatt eit raudt kort. Med VAR-dømming hadde dette blitt dømt, sa Romas klubbpresident James Pallotta etter at den italienske klubben blei slått ut i semifinalen i meisterligaen i går.
Roma slo Liverpool 4-2, men tapte 6–7 samanlagt.
- Les kommentaren: «Liverpool høyrer eigentleg ikkje heime i meisterligaen»
– Eg kan ikkje forstå kvifor VAR ikkje blir brukt i den viktigaste klubbturneringa vi har, seier presidenten.
– Kan ikkje la slikt passere
VAR er teknologien som skal hjelpe dommarane til å ta rette avgjerder i situasjonar som kan ver avgjerande for kamputfallet. VAR-dommaren skal gi dommaren ute på bana beskjed om slike situasjonar, og dommaren skal kunne vurdere dei på ein monitor.
– Handsen til Alexander-Arnold var tydeleg for alle som såg på. Du kan ikkje la slikt passere, seier han.
Trent Alexander-Arnold brukte armen på ballen inne i feltet, og det var den episoden Pallotta sikta til. Dommaren meinte det ikkje var straffe.
– Eg veit det er vanskeleg å vere dommar, men dette var pinleg. Om vi ikkje innfører VAR i meisterligaen, kan dømminga bli ein vits.
VAR er brukt i Serie A
Ein annan italiensk klubb, Juventus, sakna også videodømming då dei blei slått ut av meisterligaen i kvartfinalen mot Real Madrid i førre månad.
Dommaren gav Real ein nokså omdiskutert straffe på overtid, og Real vann 4–3 samanlagt.
– Vi har teknologi som skal hjelpe dommarane til å unngå slike feil, sa Juventus-president Andrea Agnelli då.
Serie A i Italia har brukt VAR-teknologien den siste sesongen, og er nøgd med sine erfaringar.
Men videodømmings-teknologien er omstridd, og UEFA vil vente med å ta den i bruk. Også fleire andre av dei store ligaene, som Premier League, vil vente.
VAR blir også innført i VM til sommaren. Tre av dei 13 spesielt utplukka VAR-dommarane, er frå Italia.