– Det føreset at antidopingregimet i Norge har vore det ein må kalle korrupt. Og det har eg veldig lita tru på har skjedd. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg at det kan stemme, seier Vebjørn Rodal.
Den tidlegare svenske høgdehopparen Sjöberg gjekk i går ut og sa at Svein Arne Hansen på 80-talet skal ha prøvd å skjule doping ved å betale for dopingkontrollar på utøvarar han visste var reine.
Hansen var då sjef for Bislett Games. No er han president i det europeiske friidrettsforbundet EAA.
NRKs friidrettsekspert var sjølv med i verdstoppen i friidrett på 90-talet.
– Usannsynleg
Han trur det er usannsynleg at Svein Arne Hansen kunne gjere det Sjöberg skuldar han for.
– Han kunne nok til ei viss grad vite kva for utøvarar som var reine, og kven som mest sannsynleg ikkje var det. Men å klare å manipulere antidoping-kontrollørane til å velje kven som skulle testast – den makta greier eg ikkje å sjå at Svein Arne Hansen skulle ha hatt, seier Rodal.
– Sjølv om dette skal ha foregått på 80-talet, kan eg ikkje forstå at systemet skal ha vore i den kategorien i Norge, seier Rodal, som ikkje kom inn i friddretten på seniornivå før tidleg på 90-talet.
– At det skal ha foregått noko slikt berre får år tidlegare, synest eg høyrest merkeleg ut.
Han seier skuldingane frå Sjöberg verkar helt fjerne.
– Kanskje har eg vore naiv og ikkje fått med meg alt. Men eg kan ikkje forstå at det har foregått slik, i Norge iallfall.
– Mottok du som utøvar nokon gong tilbod slik som Sjöberg skisserer?
– Nei, aldri. Og eg har ikkje høyrt om andre som har fått det heller.
Rodal trur at både Sjöberg og Hansen har ei så lang fartstid saman i friidrettshistoria at dei kan snakke seg ut av dette utan at det endar i retten.