NRK Meny
Normal

Friidrettslegende til NRK: – Mange veit at Hansen betalte for dopingprøvar

Tidlegare VM-vinnar i høgdehopp kjem med grove skuldingar mot friidrettspresident Svein Arne Hansen, som har engasjert advokat etter angrepet.

Svein Arne Hansen

FRIIDRETTSPRESIDENT: Svein Arne Hansen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Tidlegare høgdehopp-stjerne Patrick Sjöberg raser mot forslaget om å slette gamle Europa- og verdsrekordar på grunn av sportens dopinghistorikk.

Svein Arne Hansen har jobba med forslaget i over ti år. No går Sjöberg hardt ut mot nordmannen, som er president i Det europeiske friidrettsforbundet

I eit intervju med Sveriges Radio skuldar han Hansen for å ha forsøkt å skjule doping då han arrangerte Bislett Games på 1980-talet.

– Det er latterleg. Svein Arne Hansen har tatt på seg den heiderlege frakken no. Men tidlelagere fekk vi, som han visste ikkje var dopa, betalt for å gjennomføre dopingprøvar. Han burde kanskje la oss som konkurrerte og var reine få behalde medaljane våre, seier Patrick Sjöberg til Sveriges Radio.

Til NRK seier Sjöberg at dette skal ha blitt gjort for å unngå positive dopingprøvar under Bislett Games.

– Det er ingen hemmelegheit at Svein Arne har gjort dette. Det er mange som veit om dette. Eg veit om minst eitt konkret tilfelle der ein manager har fått tilbod om at hans utøvar kunne bli testa mot ein sum pengar, seier Sjöberg.

Svensken vil ikkje svare på fleire spørsmål frå NRK.

Hansen har kontakta advokat

Påstanden blir blankt avvist av ein rysta Hansen, som no har kontakta Det europeiske friidrettsforbundets advokat i saka. Han utelukkar ikkje at det det kan bli aktuelt for Hansen å gå til søksmål i saka.

– Det må vår advokat i Sveits vurdere, seier Hansen.

Til NRK har han følgande forklaring i saka.

– For det første plukka vi aldri ut utøvarar som skulle blindtestast. Det blei gjort av forløparen til Antidoping Norge. Rune Andersen (tidlegare antidopingsjef) kom til Bislett med sine lister, og eg har aldri sett ei einaste liste over kven som skulle testast, seier friidrettspresidenten.

Han avviser også å ha betalt utøvarar for å gjennomføre slike testar.

– Det er latterleg. Eg har aldri betalt ut pengar aleine. Eg har vore saman med kasseraren i Bislett-alliansen, og dei siste ti åra av mi tid gjorde vi det via bank. Og Steinar Hoen, som overtok som sjef i 2010, har vel også betalt alt via bank. Eg har aldri høyrt at nokon skal få pengar for å stille opp på dopingtestar, seier Hansen.

– Han får komme med bevis, men det finst jo ingen bevis, så det klarer han ikkje, legg han til.

Sjöberg er innehavar av europarekorden i høgde på 2,42, som blei sett i 1987. Då var det også verdsrekord.

Patrik Sjøberg

TIDLEGARE SVENSK FRIIDRETTSSTJERNE: Patrick Sjöberg. Her i studio hos Fredrik Skavlan.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Ber Sjöberg komme med eit motforslag

Hansen arbeidde i mange år i Bislett-alliansen, og var assisterande direktør for Bislett Games frå 1973 til 1984. Deretter overtok han som sjef for Bislett Games etter Arne Haukvik i 1985 og hadde jobben fram til 2009.

Presidenten skjønnar at Sjöberg er frustrert over at rekorden hans kan bli sletta.

– Der forstår eg Patrick. Men då får dei komme opp med eit motforslag om kva vi skal gjøre, for noko må vi gjøre. Vi kan ikkje bare la det suse og gå. Alle i friidretten veit at mange rekordar er reine, men det er nokre rekordar som ingen i heile verda trur på, seier Hansen.

Patrick Sjöberg

TOK EUROPAREKORD: I 1987 sette Patrick Sjöberg verdsrekord i høgde. Prestasjonen er fortsatt europarekord.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Siste nytt

  • Svømmestjerne blir utestengt

    Ryan Lochte er utelukket fra all konkurranse fram til juli neste år. Lochte la ut et bilde på sosiale medier hvor han fikk intravenøs behandling. Behandlingen førte til en etterforskning av USADA, som fant at mengden intravenøst var over tillatt nivå.

    Brazil Ryan Lochte
    Foto: Michael Sohn / AP
  • Monika Kørra er ny landslagstrener

    Norges Skiforbund Langrenn har engasjert Monika Kørra (28) som ny juniorlandslagstrener etter Geir Endre Rogn.

    Kørra ser frem til å ta fatt på utfordringen.

    – Jeg er både stolt og ydmyk i rollen som ny juniorlandslagstrener.

  • Johnsen på vei til AZ Alkmaar

    Bjørn Maars Johnsen er i ferd med å bli solgt til AZ Alkmaar ifølge VG. Avisen erfarer at landslagsspissen blir hentet fra ligarival Den Haag for over 20 millioner kroner. Går overgangen i orden blir han lagkamerat med Jonas Svensson og Fredrik Midtsjø.

    Bjørn Maars Johnsen
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag