For å optimalisere spurtopptrekket til Tour de France køyrer dei tyske spurtkanonene André Greipel og Marcel Kittel rittet ZLM-Tour i Nederland, der dei får fire flate etappar frå 16.-19. juni.
Der kunne Kristoff også tenkt seg å vere med, men nordmannen fekk ikkje lov av lagleiinga i Katusha, seier trenar Stein Ørn.
– Vi hadde også eit ønske om å køyre ZLM-Tour og bruke det som matching mot Kittel og Greipel. Men Katusha er rett og slett for redde for å køyre rittet fordi det er så mykje velt der, seier Ørn.
– Kan ende opp med at Kittel og Greipel ikkje får køyre Tour de France
Kittel har vore vårsesongens sterkaste spurtar. Greipel vann fire Tour de France-etappar i fjor. Tyskarane blir av Ørn sett på som verdas raskaste saman med Mark Cavendish.
Trenaren forstår at Greipel og Kittel går for eit oppkøyringsritt med mange flate etappar, men svarar også eit bekreftande «ja» på om Greipel og Kittel driv med storgambling før Tour de France.
– Det er risiko for mange velt. Kanskje det endar opp med at Kittel og Greipel ikkje får køyre Tour de France dersom dei veltar der, seier Ørn.
Vil ikkje avsløre ny spurt-taktikk
Kristoff har i staden gått for deltaking i Critérium du Dauphiné, der han truleg har «kun» to vinnarsjansar i løpet av sju etappar.
Måndag rauk første sjanse mot Nacer Bouhanni (Cofidis), som vann første etappe.
Den neste sjansen kan komme onsdag, men det ser i så fall ut til å vere ein bonus. Mest sannsynleg vil 28-åringen kjempe om triumf på fjerde etappe torsdag, fortel trenaren.
Målet er å forbedre spurtopptrekket, som til tider har vore lite tilfredsstillande denne sesongen. Det kom mellom anna til syne i Paris-Nice i mars, ifølgje Ørn.
Trenaren fortel at laget no har jobba hardt for å kvitte seg med problema.
– Paris-Nice var eit ritt som avslørte store defekter i spurttoget. Katusha-opptrekket sperra for Alexander. Litt av det samme problemet hadde han i Tour de France i fjor. No er ikkje dei beste spurttoga med i Critérium du Dauphiné. Det gjør det jo mogleg for laget å vere meir framtredande.
– Kva har de jobba med for å forbedre opptrekket?
– Det er ikkje ting som eg kan gå ut og fortelje. Det vil vere nyttig for motstandaren å vite. Det har vore klare tiltak for å gjøre ryttarane oppmerksame på problema i spurten. Men: Du kan lage så mange taktiske manøvrar som du vil. Det er til sjuande til sist opp til ryttarane å gjøre dei riktige vala, seier Ørn.
Katusha-ryttaren har dei siste åra køyrt Sveits rundt som oppkøyringsritt, men løypeprofilen var for hard i år.