Det skal ikkje gjenta seg. For no skal Riiber innføre personleg hugselapp, og krysse av før kvart renn.
Den norske kombinertmeisteren gjekk inn til tredjeplass i rennet fredag, men hadde gløymt tidtakarbrikka alle løparane må ha festa på seg under rennet.
Dermed vart han diska – ikkje berre frå rennet fredag, men også renna laurdag og søndag. For kombinertkonkurransane i helga var organisert som ein tour. Derfor var det mange verdscup-poeng som blei borte for 18-åringen.
– Det var ein liten juniortabbe, seier Riiber til NRK. – Eg merka ganske tidleg at brikka ikkje var på. Då var det mykje vondt som gjekk gjennom hovudet mitt. Eg var pigg heile vegen, og tenkte at eg i alle fall skulle vise kva eg var god for, seier han.
– Visste du at du ville bli diska, eller hadde du eit håp om at juryen skulle la nåde gå for rett?
– Eg hadde GPS på ryggen og håpa nok at det skulle redde meg. Men eg visste at juryen er streng og gjer det som står i reglementet.
– Heile helga vart borte
Han fortel om kor skuffa han var då han oppdaga at brikka mangla.
– Det var ikkje berre dette rennet som var øydelagt. Heile helga vart borte. Dette var ein tour som passa meg bra, og det var surt at det var disk og ikkje tidsstraff. Det er mykje doble poeng å hente på denne touren, seier Riiber.
Han har opplevd liknande ting tidlegare også.
– Eg er nok litt gløymsk, ja, seier han. Og lovar å jobbe meir med rutinene. Heretter blir det «check list» for 18-åringen som vart norgesmeister i november, og som fall og blei skadd då han hoppa altfor langt på Lillehammer før jul.
Avkryssingslapp på bagen
– No skal eg lage meg ein hugselapp, feste den på bagen eller noko anna, og krysse av.
– Har du fått beskjed om å gjere det?
– Nei, det er for min eigen del, slik at eg skal kunne ta det roleg, slappe av og gjere det eg skal gjere. Då trur eg hugselappen vil vere viktig, seier Riiber.
Det håpar han å vise i Holmenkollen til helga. Der har han skumle planar.
– Eg er i god langrennsform, og i hoppbakken kan eg finne på kva som helst. Det er heilt opp til meg sjølv, seier Jarl Magnus Riiber.