Dei siste 22 sesongane har 33 av 44 lag (75%) avansert etter å ha scora det første målet, ifølgje meisterligaens Twitterkonto.
Med første, andre og tredje scoring mot byrival Atletico Madrid i første semifinale skal det mykje til for at Real Madrid ikkje speler nok ein meisterliga-finale seinare i mai.
Det kan klubben takke Cristiano Ronaldo for.
– Eg er heldig som får æra av å score tre mål, men ingenting er avgjort. Vi må fortsatt halde konsentrasjonen oppe, sa Ronaldo i eit intervju vist på Viasat.
Og etter oppgjøret står portugisaren med følgande, vanvittige rekord-statistikk i meisterligaen:
- Flest scoringar (103 mål)
- Flest målgjevande pasningar (31 assists)
- 52 mål i meisterliga-sluttspelrunden. Lionel Messi har 37.
- 13 mål i meisterliga-semifinalane. Passerte rekordhaldar Alfredo Di Stefanos 11 semifinale-mål med dagens hat-trick.
I tillegg: 32-åringen har no 400 mål i Real Madrid-trøya.
Omdiskutert førstescoring skapte reaksjonar
Ronaldos første scoring var riktig nok av det kontroversielle slaget. Den tidlegare meisterliga-vinnaren Dietmar Hamann var ein av mange som meinte at scoringa aldri burde vore godkjent.
«Korleis kan det ikkje bli dømt offside mot Ronaldo på det første innlegget? Latterleg,» skreiv den tidlegare Liverpool-spelaren på Twitter.
Situasjonen starta slik:
Ramos la inn i Atletico-forsvaret, som klarerte ballen til Casemiro. Real-spelaren slo ballen direkte tilbake til Ronaldo, som scora.
På det første innlegget stod Ronaldo i offside-posisjon, og var aktiv rundt forsvarsspelarane, som klarerte.
Også Viasats kommentatorar var einige om at angrepet ikkje var godkjent.
– Den første bør dommaren vinke på. Der er Ronaldo i offside, sa kommentatorane på Viasat, Daniel Høglund og Vidar Davidsen.
Situasjonen fekk fleire på Twitter til å minne om dei to måla Ronaldo scora i siste kvartfinalekamp mot Bayern München, der han stod i offside-posisjon.
Og på mikrobloggtenesta viste enkelte brukarar til dette sitatet.
– IFAB (Fotballens internasjonale lovkomité) har klargjort dette. Det er offside om spelaren er nær ballen, og gjør eit forsøk på å forstyrre motstandaren, sa Premier League-dommar Mike Riley til Sky Sports i 2015.
Men i Viasat-studio etterpå hadde ekspertpanelet ei anna meining.
– Sjølv om han er offside når ballen blir slått inn første gang, oppsøker han ikkje duellen, og då er det ikkje straffbart. Og Ronaldo er på rett side når den andre situasjonen oppstår, sa Morten Langli, og fekk støtte av Rune Bratseth og Petter Veland.
Dette er Atleticos store Ronaldo-problem
Samtidig kom Atletico Madrid nok ein gang til kort med å stoppe portugisaren i opninga av ein meisterligakamp.
Ti av Ronaldos 21 mål i oppgjøra mot Atletico er scora før 25 minutt er gått, ifølgje meisterligaens Twitter-konto.
Det tiande kom ti minutt ut i kveldens semifinale.
Og trass i den omdiskuterte førstescoringa vil nok ingen objektive sjåarar seie at Real Madrids siger i første meisterliga-semifinale var ufortent. Dei kvitkledde var overlegne heime mot Atletico, som møtte til kamp utan tap på dei 15 siste bortekampane.
Etter første omgang stod det 5-0 til Real Madrid i avslutningar på mål. Og i andre omgang fjerna Ronaldo all tvil med ei 2-0-scoring som fekk BBCs ekspert til å måpe.
– Sensasjonell kraft og teknikk frå den største fotballspelaren på jorda akkrat no, skreiv BBC-ekspert Phil Neville.
Til slutt la Ronaldo på til 3-0, og med det er Real Madrid på veg til nok ein meisterliga-finale.
– Han er fantastisk å sjå på, men det gjør også veldig vondt akkurat no, sa Atletico-trenar Diego Simeone, som påpeiker overfor Viasat at slaget ikkje er avgjort før returoppgjøret er ferdigspelt.