Hopp til innhold

Real Madrid blei rundspelt av Ajax og rauk ut av meisterligaen: – «Barnefotballkamp»

Laget som har vunne meisterligaen dei tre siste sesongane, blei audmjuka, knust og utslått med 4-1 på eiga bane.

Ajax scorer, 4-1 over Real

UFATTELEG: Real-forsvaret står og ser på at Lasse Schön set inn sensasjonelle 4-1 til Ajax over Real Madrid

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Real kom frå bortekampen med 2-1. Avansementet for meisteren i fire av dei fem siste sesongane var så opplagt at kapteinen Sergio Ramos i førre kamp fekk gult kort med vilje for å vere rein og klar til kvartfinalen.

Så kom Ajax til den spanske hovudstaden og vann 4-1, samanlagt 5-3. Ramos fekk aldri spele kvartfinale, og Real Madrid er detronisert etter 1011 dagar som meisterliga-haldar.

– Barnefotballkamp

– Dette er slutten på ein æra for Real, slo tidlegare Manchester United-manager David Moyes fast i BBC.

Den store spanske sportsavisa Marca skreiv ein leiarartikkel like etter kampslutt. Der krev dei omfattande utskiftingar: Bale, Kroos, Courtois, Casemiro, Benzema, Carvajal, Varane, Nacho og Marcelo må vekk frå klubben, krev avisa.

– Dei får kampen inn i sitt spor og så berre fortset dei. Dette var barnefotballkamp, for å vri litt på eit Northug-sitat, sa Viasats ekspertkommentator Petter Veland i Viasats studio.

Ajax satsa offensivt heile kampen, la seg aldri tilbake, og fekk etter kvart store rom å boltre seg i. Det visste dei å dra nytte av.

Det er 22 år sidan sist Ajax gjekk vidare frå ein utslagsrunde i meisterligaen, og dei har ikkje vore i kvartfinale sidan 2003.

VAR-drama

Dramaet som definitivt øydela sesongen for Real Madrid utspela seg etter eit drygt kvarter etter pause. Ajax scora og leia 3-0. Men var ballen over linja tidleg i angrepet kom?

VAR-dommarane diskuterte med hovuddommaren i nesten fire minutt før scoringa til Dusan Tadic blei godkjend.

Då måtte Real ha tre mål for å gå vidare. Det var dei aldri i nærleiken av.

Ajax sjokkopna med to mål før det var spela 20 minutt. Først tok Hakim Ziyech eksemplarisk godt vare på eit innlegg frå Dusan Tadic og sende gjestene i føringa.

Så sette David Neres inn 2-0, igjen etter målgivande frå Tadic.

– Forsvar som er komplett kaos

 Real Madrid's Sergio Ramos

FEILVURDERING: Reals kaptein Sergio Ramos sat på tribunen etter å ha fått gult kort med vilje i første kamp. Han gav tydeleg uttrykk for å vere lite nøgd med sine lagkameratar

Foto: Sergio Perez / Reuters

Heimelaget hadde før pause meir enn nok sjansar til å forsvare 2-1-leiinga frå bortekampen. To gonger small ballen i stengene.

– Det er eit forsvar som er det komplette kaos. Dei er usikre etter 0-1, og endå meir usikre etter 0-2, sa Rune Bratseth i studio i pausen.

– Det er til å få mareritt av dersom ein er fotballtrenar. Sjå kor store rom dei etterlet seg, kor dårleg dei forsvarar seg, og kor enkelt det blir for Ajax å spele seg gjennom, sa ekspertkommentator Petter Veland i pausen.

– Det er fullstendig «hodemist», sa Rune Bratseth.

Det var i pausen. Og det skulle bli verre for heimelaget.

Reals press for det heilt nødvendige målet gav Ajax store kontringsrom. Det gav 3-0 etter den dramatiske VAR-pausen.

Visst prøvde Real, og Marco Asensio reduserte via stolpen. Men spiren av håp varte berre i to minutt. Så sende Lasse Schöne eit frispark direkte i mål, og 4-1. Ajax-spelarane stirte vantru opp på resultattavla: Var dette mogeleg?

– Det var ein heilt fantastisk kveld for oss, sa Schöne.

Det var det, og Real var slutt. At Nacho fekk sitt andre gule på overtid og måtte gå i dusjen eit par minutt før lagkameratane, understreka berre Reals fadese-kveld.

Kapteinen fekk gult med vilje – sat på tribunen

Real måtte spele utan sin kaptein. Og det var kapteinens eige val.

I første oppgjer fekk Sergio Ramos nemleg gult kort mot slutten for å stå over returkampen. Han vedgjekk etter kampen å ha fått kortet med vilje, og fekk dermed to kampars utestenging av det europeiske fotballforbundet (UEFA).

Bileta frå Madrid viste at Ramos gestikulerte frå tribunen, og var veldig fortvila over det lagkameratane leverte.

– Det handlar om signala det gir. Han seier «dette er Ajax, dette greier de utan meg». Eg får ei kjensle av at dei tar det for gitt, seier Petter Veland.

Real Madrid knust

KNUST: I dei tre siste åra har Real-spelarane jubla etter finalesiger i meisterligaen. I kveld blei dei knust i åttedelsfinalen

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP
Ajax-jubel

JUBEL: Ajax feira som om dei hadde vunne finalen etter 4-1 på Santiago Bernabeu

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal