Hopp til innhold

Viking-supportarar med protest: – Folk er forbanna

Viking klarte ikkje å stoppe superduoen Casper Tengstedt og Ole Sæter. No har supporterklubben hengt opp banner med sterke ord utanfor Viking stadion.

Bannere og tap mot RBK

NYTT TAP: Viking har tapt fem av dei seks siste kampane. No reagerer supporterane kraftig.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

På banneret skrive med raud måling hengt opp utanfor Viking stadion, står det:

«Mye penger, ingen ambisjoner», «respekt for fansen! Uten oss er dere ingenting» og «5 år å bygge, 3 mnd å rive!!!».

No fortel supporterleiar Roar Åkerlund kvifor dei har gjort det.

– Folk er frustrert, oppgitt og forbanna.

– Som det står på den eine plakaten: Det tok fem år å byggje opp, og tre månader å rive ned. Det sportslege, entusiasmen, klubbidentiteten – alt er på veg ned i eit svart hol. Det frustrerer alle som er glade i Viking, seier han til NRK.

NRK har ikkje lykkest i å få ein kommentar frå leiar Erik Nevland.

Bannere utenfor Viking stadion.

Dette banneret heng utanfor Viking stadion.

Foto: Twitter @feltOStavanger

– Famlar i blinde

Åkerlund meiner det er to hovudårsaker til Viking-supporterane sin frustrasjon: Overgangsvindauget og det sportslege.

Viking har tapt fem av dei seks siste kampane i Eliteserien og i Europa-kvalik.

– Vi har spelarar vi knapt kjenner igjen. Vi har trenarar som famlar i blinde på det taktiske. Det går ikkje an å sjå kva lag Viking kjem til å stille med, seier Åkerlund.

Supporterleiaren trekk også fram holet etter Veton Berisha.

– Heile Viking venta på ein spiss. Samstundes har alle konkurrentar klart å forsterke seg offensivt.

Han meiner supporterane er nøydde til å seie ifrå på ein klar måte no.

– Førre gong gav vi beskjed for seint, og då rykka vi ned. Det er vår rett å gi beskjed når vi er misfornøgde. Parallelt er det vår plikt å stille opp. Folk må ikkje misforstå det med at vi ikkje skal støtte laget. Felt O skal fyllast opp. Men vi forventar eit snev av vilje og innsats frå trenarar og spelarar, seier Åkerlund.

Søndag tapte Viking 4–1 mot Rosenborg. I pausen erkjente trenar Bjarte Lunde Aarsheim at laget sleit stort.

– Vi slit eigentleg med det meste, og slepp inn to enkle mål. Vi gjer et formasjonsbytte, sa Aarsheim.

Like før slutt reduserte Viking ved mål av Mai Traore, men sjølve formasjonsbytet hjelpte lite mot to superspissar i form.

Bannere utenfor Viking stadion.

Her er fleire banner som Viking-supporterane har hengt opp.

Foto: Twitter @feltOStavanger

Briljerte

Tengstedt har berre vore i Trondheim i ein månad, men har verkeleg fått vist kvalitetane sine frå start. Sju mål har han scora på fem kampar.

– Det er ein draum å spele med Casper. Vi er som hand i hanske og den hansken klistra med lim på innsida. Det er umogleg å skilje oss, seier Ole Sæter til Discovery + etter kampen.

Eliteserien 2022: Rosenborg - Viking.

FANN KVARANDRE: Ole Sæter og Casper Tengstedt. Her feirar Rosenborg etter Sæter sin scoring.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sæter var mannen som opna festen på Lerkendal. Etter berre to minutt fekk han ballen i beina føre eit opent mål, og gjorde ingen feil.

Deretter var det spissmakker Tengstedt sin tur, som scora etter ein soloprestasjon.

På dagens tredje- og fjerde scoring, assisterte spissduoen kvarandre, og det er ikkje tvil om at Tengstedt trivst på topp i lag med Sæter.

– Ole er ein dyktig spiss, som eg prøver å lære av på trening og i kamp. Eg tykkjer vi fyller kvarandre godt. Han tek gode løp for meg, og eg prøver å gjere det for han. Det er kjekt, seier Tengstedt til NRK.

– Kva er det som klikkar så bra med deg og Rosenborg?

– Eg trur eg kom inn på eit godt tidspunkt. Då hadde dei vunne to kampar på rad. Det var sjølvtillit i laget. Og språket er ganske likt som i Danmark, så det er enkelt å følgje med, seier han vidare.

Eliteserien 2022: Rosenborg - Viking.

TO NYE: Casper Tengstedt, her mot Sondre Bjørshol og Fredrik Torsteinbø.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal