Vålerenga har hatt ein svært tung start på sesongen. Faktisk den dårlegaste sidan 1996. I dag såg det ut som dei kunne ta sine fyrste poeng for sesongen mot Rosenborg. Men den gang ei.
– Vålerenga var gode dei, dei møtte berre eit veldig godt lag, konstaterer Pål Andre Helland med eit smil.
Han gjorde sesongdebut etter å ha vore ute med skade dei to fyrste kampane. Og med det var sitatkontoen også opna.
– Me er så naive og dumme at me trur at me er Noregs desidert beste lag. Viss me er Rosenborg 100 prosent så vinn me alle kampane, seier Helland.
– For slurvete
Slik blei det i dag sjølv om sigeren sat langt inne. For da klokka gjekk over til dei ti siste minutta klarte Rosenborg å omsette sjansane til nettsus. Fredrik Midtsjø og Jonas Svensson viste at dei har spelt ein og anna fotballkamp saman før. Kombinasjone førte til slutt til at Yann Erik De Lanlay fekk ballen i feltet etter eit strålande løp.
Skotet er flott og dermed 1-0 til Rosenborg. Mike Jensen fylgjer opp like etter med eit enda flottare mål frå 25 meter og fastsett dermed sluttresultatet til 2-0.
Trønderane kom til store sjansar og dominerte fyrste omgang, men viste ikkje klasse framfor mål.
Etter pause tok Vålerenga over initiativet utan å kome til noko som kan kallast store målsjansar. Heimelaget hadde knapt eit einaste skot på Andre Hansen i RBK-buret
.– Dei siste 20 minutta får me køyrd oss. Me er for slurvete med ballen. Det er surt at me slepp inn dei måla på slutten, seier Kjetil Rekdal til NRK etter kampen.
Burde ha scora før
Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen var svært letta over at måla endeleg kom i dei siste minutta.
– Det hadde vore ålreit om me hadde scora litt tidlegare. Men det var 90 gode minutt, viss me tek vekk det fyrste halvminuttet. Me har god kontroll på Vålerenga og kjem til gode målsjansar, seier Ingebrigtsen.
Helland viste prov på gamal storheit i sin sesongdebut, men meiner han har litt å gå før han er i toppform.
– Eg brukte litt tid på å kome ordenleg i gang. Da eg fekk til eit skot tidleg i andre omgang da fekk eg ordentleg bekrefta for det mentale at eg er i gang, fortel Helland til NRK.