Hopp til innhold

Fekk raudt kort då Sverige rauk ut av EM: – Det var tøft å måtte gå av banen

Svenske Marcus Danielson fekk direkte raudt kort då Sverige blei slått ut av EM etter ekstraomgangar.

YzRcYBcdHzo

DISKUSJON: Det raude kortet til Marcus Danielson skapte stor diskusjon.

– Det var definitivt ikkje slutten eg ønskte på EM, seier Danielsson, ifølgje Aftonbladet.

– Eg har sett situasjonen etterpå, og det er sjølvsagt ikkje gøy å sjå dei bileta, seier han til SVT Sport.

Det blei svært dramatisk då Sverige og Ukraina skulle gjere opp om den siste plassen i EMs kvartfinalar. Eit omdiskutert raudt kort, og skåring på overtid av andre ekstraomgang gjorde at Ukraina vann 2–1, og skal møte England i kvartfinalen på laurdag.

Og det var ein kamp som ikkje var utan dei heilt store hendingane.

Midtvegs i ekstraomgangane var Marcus Danielson og Artem Bjesiedin i duell om ballen. Svensken fekk sparka den vekk, men fullførte taklinga med knottane først i kneet til Bjesiedin.

Først fekk svensken gult kort, men etter at han såg situasjonen på nytt på VAR-monitoren drog dommar Daniele Orsato fram det raude kortet.

– Akkurat då var det berre ein stor skuffelse. Det kjendest som om vi hadde overtaket og var det betre laget. Det var tøft å måtte gå av banen og sjå resten av laget kjempe dei siste 20 minutta, fortel Danielson.

– Vondt, ja. Raudt, aldri

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp var heilt einig med den avgjersla.

– Den er ikkje pen. Det er eit klokkeklart raudt kort. Strak fot, knottar og utset motstandar for fare. Det er sjølvsagt uforskyldt, men det har ingenting å seie, sa Torp frå sin kommentatorplass.

Han får støtte frå NRKs studio på Kontraskjæret:

– Det var eit unisont brekningsområde her på Kontraskjæret då det raude kortet kom. Det var eit soleklart raudt kort, sa Aleksander Schau.

Men det var ikkje alle som var like samde om avgjersla.

– Det er ikkje eit raudt kort. Han (Danielson) er i sin fulle rett til å klarere den ballen. Reprisane i sakte film får nok ein gong ein takling til å sjå verre ut enn den er. Latterleg, skriv den tidlegare fotballprofilen Gary Lineker på Twitter.

oMFV8cOJmv8

Bjesiedin klarte ikkje å fullføre kampen, og måtte halte rundt bana på veg mot benken med ispose på kneet.

Foto: PAUL ELLIS / Reuters

Heller ikkje tidlegare dommarprofil Per Ivar Staberg synest det skulle bli gitt eit raudt kort.

– Det rimar ikkje i mi bok. Klarerer ball i god tid, før spelaren frå Ukraina kjem for seint og blir skada. Vondt, ja. Raudt, aldri, skriv han på Twitter.

Ifølgje tidlegare toppdommar Svein-Erik Edvartsen var taklinga grov nok til at utvisinga kan forsvarast.

– Eit soleklart raudt kort for alvorleg brot på spelereglane, skriv Edvartsen på Twitter.

– Fotball kan gjere veldig vondt

Det såg lenge ut til at Sverige skulle klare å halde ut med ein mann mindre, men på overtid av andre ekstraomgang stakk Artem Dovbyk hovudet fram, og stonga Ukraina til kvartfinalen etter innlegg frå Oleksandr Zintsjenko.

– For ei historie for Artem Dovbyk! ropte Christian Nilssen frå kommentatorplass då spelaren som blei byta inn 15 minutt før skåringa sette ballen i nettet.

Ukrainaren reiv seg laust frå det svenske forsvaret, som får kritikk frå NRKs fotballekspert.

– Det blir mykje fokus på ball der. Det er den vesle augneblinken ein søv, seier Torp om midtstopparane.

ul7LL0zQs94

Zintsjenko feirar den avgjerande skåringa.

Foto: Petr David Josek / AP

Men Sverige kunne avgjort kampen før det i det heile teke gjekk til ekstraomgangar. Før slutt hadde dei to ballar i rammeverket på målet, men den ville ikkje inn. Dei svenske spelarane ville ikkje legge skulda på noko etter at tapet var eit faktum.

– Vi er ute av EM. Det spelar ingen rolle korleis det skjedde, om det var stolpe, tverrliggar eller røde kort, sa Sebastian Larsson til SVT etter kampen.

– Gutane sleit heroisk ute på bana, og vi haldt på å ta det til straffer. Eg er frykteleg stolt over det her laget. Av og til kan fotball gjere veldig vondt, og det er eit slikt augneblink, sa han.

Sverige-press frå start

Det var Sverige som trykka på frå start av kampen, og spelte Ukraina låge i opningsminutta. Men trass eit høgt ballinnehav rundt Ukraina sin 16-meter uteblei dei aller største sjansane til å byrje med.

I staden var det Ukraina som tråkla seg gjennom i den andre enden av bana. Andrej Jarmalenko fann Roman Jaremtsjuk som fekk skyte uforstyrra inne i feltet. Men avslutninga blei for svak, og Robin Olsen redda sikkert.

Så kombinerte Alexander Isak og Dejan Kulusevski fint på Sverige sin venstrekant. Det enda med at sistnemnde fekk testa skotfoten sin frå like innanfor boksen, ein avslutning som gjekk ein liten meter til side for målet til Georgij Busjtsjan.

– Du forventar at Isak skal treffe målet der, med dei ferdigheitene han har, sa den tidlegare England-forsvararen Martin Keown til BBC.

– Sjølv om den går utanfor, så er det ein stor moglegheit for Isak. Det skal vere mogleg å curle den i det engste hjørnet til Busjtsjan, seier NRKs ekspertkommentator Carl-Erik Torp.

Eit augneblinks magi

Det verka som om Sverige hadde festa eit lite grep om kampen, men så serverte to av Ukrainas stjerner eit augneblink med magi etter at førsteomgang var halvspelt.

For litt ut av det blå dukka Zintsjenko opp på bakarste stolpe etter eit utsøkt innlegg frå Jarmolenko med utsida av foten. Heilt åleine fekk Manchester City-spelaren tid til å sikte på halv volley, via handa på målvakt Olsen og i mål.

– Han har hatt så mykje rom ute på venstrekanten fleire gongar, og her gir svenskane han eit par meter. Det skulle dei ikkje gjort, sa kommentator Nilssen.

– Det er ein fantastisk avslutning av Zintsjenko på halvspretten, sa Torp.

Historiske Forsberg

Med det var Ukraina på veg mot å ta med seg ei leiing inn til pause, men Emil Forsberg ville det annleis.

Sveriges beste spelar i gruppespelet fekk ballen frå Isak på 20 meter og klinka til. Ballen gjekk via ein ukrainsk forsvarar, i ein boge over Georgij Busjtsjan og inn i nettmaskane.

– Forsberg var heldig, men dersom du ikkje skyt, så skårar du heller ikkje. Vi tek den flaksen kvar dag i veka, seier Freddie Ljungberg til BBC.

Og dermed noterte Forsberg seg for sitt fjerde mål i meisterskapet. Det er ein prestasjon ikkje eingong Zlatan Ibrahimovic har klart i den svenske landslagsdrakta, og Forsberg blei med det den første svensken til å skåre meir enn tre mål i eit EM.

– Det trur eg ikkje eingong den mest optimistiske svensken, ikkje eingong onkelen til Emil hadde tippa før meisterskapet, sa Aleksander Schau i NRKs studio i pausen, om Forsbergs fire EM-mål.

Fleire stolpeskot

Over i andre omgang bølga spelet fram og tilbake, Sebastian Larsson testa sin skotfot utan hell, før Sergej Sydortsjuk hamra ballen i stolpen, eit skot Olsen ikkje hadde kontroll på.

Så small det i aluminiumen i den andre enden av bana. Sverige kontra på eit ukrainsk lag i ubalanse. Forsberg fekk tid til å sikte, men avslutninga small i stolpen bak ein utspela Busjtsjan.

Og det var ikkje slutt der. 20 minutt før slutt slapp Forsberg til igjen med eit skot frå distanse etter å ha rista av seg fleire motspelarar. Men denne gongen small ballen i tverrliggaren og ut.

– Han er så nærme sitt femte mål i EM, sa Nilssen.

– Han gjer alt riktig, det er berre marginar om å gjere her. Når Forsberg har ballen så er det berre å setje seg fram i stolen, for då skjer det ting, sa Torp.

Etter dette skjedde det likevel lite før full tid, og det måtte ekstraomgangar til for å skilje laga.

Innbytaren sende Ukraina vidare

Og her var det ein VAR-sjekk som skulle kome i sentrum. Danielson fekk sjå det raude kortet etter duellen med Bjesiedin.

Bjesiedin klarte ikkje å halde fram kampen, og måtte støtte seg på to fysioterapeutar for å kome seg av og rundt bana.

Like etter denne hendinga blei Artem Dovbyk bytta inn for Jarmolenko. Det skulle vise seg å bli eit avgjerande byte.

For på overtid av den andre ekstraomgangen var det nettopp Dovbyk som sende Ukraina til kvartfinalen med eit kontant hovudstøyt.

Dermed kunne dei ukrainske spelarane og fansen sleppe jubelen laust.

– Det er fantastiske bilete her no. Det raude kortet øydelegg for Sverige, det var mange slitne bein der ute, seier Schau.

No ventar England i kvartfinalen av EM på dei ukrainske spelarane, som for første gong tek seg vidare frå ei utslagsrunde i EM.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal