NRK Meny
Normal

Raste mot Russland under Norges gullkamp: – Skandale

LAHTI/OSLO (NRK): Då Norge og Tyskland spurta om VM-triumf kom ein russar i vegen like før oppløpet. Magnus Krog meiner at russaren spolerte for norsk gull.

Dramatisk spurt i kombinert stafett

HER KJEM RUSSAREN I VEGEN: Like før oppløpet blei Russland tatt igjen med ein runde, og sperra for Norge og Tyskland før duellen om VM-gullet i Lahti.

– Skandale, seier NRKs ekspert, Fred Børre Lundberg.

Då Magnus Krog og Johannes Rydzek kjempa om å få best posisjon inn på oppløpet tok dei igjen russiske Viatsjeslav Barkov med ein runde.

I staden for å gå ut av løypa gjekk russaren vidare, og sperra oppløpsduellen mellom Norge og Tyskland.

Midt i dramaet raste NRKs kommentatorar over at russaren ikkje var tatt ut av løpet før spurtoppgjøret.

– Det er håplaust, at dei skal ta igjen ein løpar med ein runde når dei kjem inn i siste sving. Det er direkte øydeleggande, seier kommentator Jann Post.

– Han skal ikkje vere involvert. Han var rett og slett i vegen, seier Fred Børre Lundberg.

Like før løparane var inne på stadion forsøkte ein funksjonær å signalisere at russaren måtte stoppe, men russaren heldt likevel fram.

– Han får jo eit tydeleg signal om at han må stoppe!, seier Post oppgitt etter å ha sett reprisen.

Den russiske løperen fikk klar beskjed om å flytte seg på dagens kombinert stafett

HER FÅR RUSSAREN BESKJED OM Å SLUTTE: Like før løparane var inne på stadion fekk Russland beskjed om å stoppe, men russaren heldt fram, truleg utan å ha sett funksjonæren som prøvde å ta han ut av løpet.

Kritiserer lite kynisk Krog: – Han er for snill

Med russaren i vegen måtte Rydzek skifte spor, og gå inn framfor Krog, som lot tyskaren få sleppe til. Dermed var Krog sjakk-matt før oppløpet, og tapte gullkampen.

– Eg var rimeleg forbanna då eg kom i mål der, seier Magnus Krog.

29-åringen meiner at Barkov øydela.

– Eg hadde eitt fokus: Å ta tyskaren i spurten og kjempe til mål. Plutseleg kjem ein russar i siste sving. Det blir eitt lite sekund der du er usikker på kva du skal gjøre.

– Var det avgjerande for at du ikkje tok innersvingen?

– Det var det. Eg hadde prøvd å ta innersvingen om han ikkje var i vegen, seier Krog.

Kommentatorane meiner Krog var for snill, som slapp til Rydzek i dramaet på stadion i Lahti.

– Han må jo ikkje gjøre det. Når russaren først er i vegen er også Krog veldig rettferdig som ikkje sperrar for Rydzek. Det øydelegger for heile duellen, seier Post.

Trenar Kristian Hammer er langt på veg einig med Post.

– Det kan godt hende at han burde gjort seg større, men eg synst det er utruleg at dei ikkje tar ut russaren før spurtoppgjøret. Dei har ikkje lært. Det samme skjedde i siste renn før VM også, seier ein oppgitt Hammer.

– Eg er nok litt for snill, seier Krog.

Moan: – Heilt tragisk

Magnus Moan sendte bare eit ironisk stikk til arrangøren etter den spolerte spurtduellen, og såg ikkje ut til å ta det så tungt.

– Skandale, arrangørtabbe, heilt tragisk, seier Moan med eit smil.

– Eg vil ikkje fokusere på russaren. Vi gjorde eit kjempeløp i dag, seier Moan, som sikra sin andre medalje i VM.

Siste nytt

  • Barcelona filleristet Girona

    Barcelona kom kjapt over åpningssjokket etter Cristián Portus tidlige scoring og snudde til 6-1 hjemme mot Girona i lørdagens Catalonia-oppgjør. Luis Suárez satte tre, Lionel Messi to og Philippe Coutinho ett i storseieren.

    SOCCER-SPAIN-FCB-COR/
    Foto: ALBERT GEA / Reuters
  • Hjemmetap for Ødegaard og Thorsby

    Martin Ødegaard og Morten Thorsby fikk tillit fra start for Heerenveen hjemme mot Excelsior, men duoen maktet ikke å bidra til poeng. Det endte med 0-1-tap. Nicolai Næss var ubenyttet reserve for vertene, ifølge NTB.

    Ødegaard, Thorsby
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
  • Norsk duo hjalp AZ til seier

    Jonas Svensson og Fredrik Midtsjø spilte samtlige minutter da AZ Alkmaar snudde 0-1 til 2-1 hjemme mot Sparta Rotterdam i nederlandske æresdivisjon. Den tidligere Rosenborg-duoen fikk som vanlig tillit fra start, men ingen av dem scoret, melder NTB.

    Jonas Svensson er klar for AZ Alkmaar
    Foto: @AZAlkmaar på Twitter

Sendeplan

Kl. Program Kanal