– Skandale, seier NRKs ekspert, Fred Børre Lundberg.
Då Magnus Krog og Johannes Rydzek kjempa om å få best posisjon inn på oppløpet tok dei igjen russiske Viatsjeslav Barkov med ein runde.
I staden for å gå ut av løypa gjekk russaren vidare, og sperra oppløpsduellen mellom Norge og Tyskland.
Midt i dramaet raste NRKs kommentatorar over at russaren ikkje var tatt ut av løpet før spurtoppgjøret.
– Det er håplaust, at dei skal ta igjen ein løpar med ein runde når dei kjem inn i siste sving. Det er direkte øydeleggande, seier kommentator Jann Post.
– Han skal ikkje vere involvert. Han var rett og slett i vegen, seier Fred Børre Lundberg.
Like før løparane var inne på stadion forsøkte ein funksjonær å signalisere at russaren måtte stoppe, men russaren heldt likevel fram.
– Han får jo eit tydeleg signal om at han må stoppe!, seier Post oppgitt etter å ha sett reprisen.
Kritiserer lite kynisk Krog: – Han er for snill
Med russaren i vegen måtte Rydzek skifte spor, og gå inn framfor Krog, som lot tyskaren få sleppe til. Dermed var Krog sjakk-matt før oppløpet, og tapte gullkampen.
– Eg var rimeleg forbanna då eg kom i mål der, seier Magnus Krog.
29-åringen meiner at Barkov øydela.
– Eg hadde eitt fokus: Å ta tyskaren i spurten og kjempe til mål. Plutseleg kjem ein russar i siste sving. Det blir eitt lite sekund der du er usikker på kva du skal gjøre.
– Var det avgjerande for at du ikkje tok innersvingen?
– Det var det. Eg hadde prøvd å ta innersvingen om han ikkje var i vegen, seier Krog.
Kommentatorane meiner Krog var for snill, som slapp til Rydzek i dramaet på stadion i Lahti.
– Han må jo ikkje gjøre det. Når russaren først er i vegen er også Krog veldig rettferdig som ikkje sperrar for Rydzek. Det øydelegger for heile duellen, seier Post.
Trenar Kristian Hammer er langt på veg einig med Post.
– Det kan godt hende at han burde gjort seg større, men eg synst det er utruleg at dei ikkje tar ut russaren før spurtoppgjøret. Dei har ikkje lært. Det samme skjedde i siste renn før VM også, seier ein oppgitt Hammer.
– Eg er nok litt for snill, seier Krog.
Moan: – Heilt tragisk
Magnus Moan sendte bare eit ironisk stikk til arrangøren etter den spolerte spurtduellen, og såg ikkje ut til å ta det så tungt.
– Skandale, arrangørtabbe, heilt tragisk, seier Moan med eit smil.
– Eg vil ikkje fokusere på russaren. Vi gjorde eit kjempeløp i dag, seier Moan, som sikra sin andre medalje i VM.