– Det er så spesielt å slå heimelaget her på Parc des Princes, du kan ikkje be om meir, sa matchvinnaren like etter kampen.
Megan Rapinoe var naturleg nok svært nøgd etter sigeren og med nok ein semifinaleplass i eit VM.
– Eg er veldig glad og stolt av laget. Vi møtte ein god motstandar, og det var nervepirrande på slutten, men vi greip sjansane og greidde det, seier ho til NRK.
Vil ikkje møte Trump
Ho blei mint om det ho har sagt i media den siste veka, at om USA blir verdsmeister og invitert til Det Kvite Hus og Donald Trump, vil ikkje ho vere med. Trump svara på sin Twitter-konto mellom anna at «Megan burde vinne før ho snakkar» og «Megan burde ikkje vere respektlaus mot landet, Det Kvite Hus eller flagget».
– Trump prøver å snakke med meg, men eg vil ikkje snakke med han, fortel Rapinoe som no har fem mål i årets VM.
Hennes prestasjonar og politiske engasjement har gjort henne populær, og på Twitter florerer det av postar om at ho burde bli president, mellom anna under emneknaggen #PinoeForPresident.
– Hahaha, eg snakkar nok litt for vulgært til å bli president, men kven veit, seier ho til NRK.
Etter kampen fortalde lagvenninna hennar, Becky Sauerbrunn, at ho er stolt av å spele med ein person som Rapinoe.
– Ho har så sterke meiningar og ho står opp for det ho trur på. Ho brukar sin posisjon til å seie meininga si og det er hennar rett. Eg setter stor pris på at ho er så modig ved å gjere det og vi er bak henne alle saman.
– Fortent siger
Kvartfinalen mellom heimelaget Frankrike og VM-favoritten USA var sett fram til som VMs høgdepunkt, iallfall så langt.
– Dette var kampen eg hadde håpa på, sa USAs tidlegare keeper Hope Solo, som no er ekspert i BBC.
Og kampen skuffa ikkje, bortsett frå for heimepublikummet som måtte sjå sitt lag slått ut av både årets VM og neste års OL etter amerikansk siger på 2–1 – USAs tiande strake VM-siger.
– Sigeren var fortent, USA var best. Men dette franske laget hadde fortent betre enn kvartfinale, dei var berre uheldige som møtte USA så tidleg, sa NRKs kommentator Carl Erik Torp.
Dermed blir det USA som skal møte England i semifinalen tysdag.
– Enorm mentalitet
Første omgang var full av action og ført i høgt tempo.
– Mentaliteten i det amerikanske laget er enorm. Dei legg seg ikkje ned, berre sprett opp med det same uansett taklingar. Det må vere demoraliserande for Frankrike, sa Melissa Wiik i NRKs studio i pausen.
USA har scora tidlege mål i alle kampane, og kvartfinalen mot Frankrike var ikkje noko unntak. 4.45 minutt var spela då Megan Rapinoe tok frispark frå venstre.
Ballen gjekk gjennom mølja med folk framfor mål, Frankrikes målvakt Sarah Bouhaddi såg ikkje ballen inne i feltet, og måtte sjå den sprette forbi. 1–0 til favoritten før det var gått fem minutt.
– Som i ishockey: Trafikk framfor keeper hjelper godt, slo Aleksander Schau – også han i NRKs studio – om målet.
– Beste eg har sett defensivt
USA har aldri tapt ein VM-kamp der dei har teke leiinga. Målet gav derfor amerikanarane tryggleik.
– Dette er det beste eg har sett av USA defensivt. Midtbana er flinke til å trekke tilbake, og det er ofte åtte spelarar inne i eige felt når det trengst. Frankrike anar ikkje korleis dei skal kome gjennom, sa Hope Solo.
Det franske laget heva seg etter pause, og med skikkeleg trykk frå heimepublikum i ryggen tok dei tak i kampen og tok til å skape sjansar. USA hang i taua. Men avslutningane svikta.
Det utnytta USA, og det var Rapinoe igjen. Tobin Heath lurte akkurat offsidefella, og innlegget gjorde Rapinoe kort prosess med. 2–0 var mot spelets gang.
Heath trudde litt seinare at ho hadde sett inn 3-0, men denne gongen var ho hårfint offside.
Ropte på VAR
Kvarteret før slutt sette Frankrike inn Delphine Cascarino, og ho laga straks problem for USA.
I staden fekk Frankrike omsider løn for strevet. Luftsterke Wendie Renard heada inn reduseringa etter ein sjeldan blunder i USAs bakre rekker, og gav kampen ny nerve dei ti siste minutta.
Fem minutt før slutt trefte ballen Kelley O'Haras arm. Dei franske kvinnene ropte på VAR og på straffe, men fekk ingen av delane.
PS: Med USAs siger og semifinaleplass, er Storbritannia klar for neste års OL. For Storbritannia i OL tek Englands plass i VM, og England er garantert blant dei tre beste europeiske laga.
Rapinoes 1-0-mål:
Rapinoes 2-0-mål:
Renards redusering: