Hopp til innhold

Ramma av mensensmerter i den største kampen i karrieren – blir hylla for openheita

Qinwen Zheng (19) var eitt sett unna å ta skalpen på den suverene tenniseinaren i verda Iga Swiatek (20). Men så melde smertene seg. No blir ho rosa for openheita rundt problema.

French Open

VONDT: Qinwen Zheng hadde store smerter underveis i kampen mot Iga Swiatek.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Då ho vart spurt om dette var noko som hadde plaga henne tidlegare, svarte ho at det starta før kampen og at det var «jentegreier».

– Eg må drive med idrett og har alltid masse smerter den første dagen. Eg kunne ikkje kjempe mot naturen.

– Eg skulle verkeleg ønske eg kunne vere ein mann og slapp å slite med det. Det er vanskeleg, seier Zheng på pressekonferansen etter kampen.

Den kinesiske 19-åringen er ein av French Opens store overraskingar. Ho er rangert som nummer 74 i verda, men på vegen til den 4. runden slo ho ut tidlegare verdseinar Simona Halep og heimefavoritten Alizé Cornet (nummer 40).

French Open

VERDAS BESTE: Iga Swiatek vinn og vinn og vinn.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

– Veldig tøft

Mot Iga Swiatek – som har vunne dei 32 siste kampane sine – tok ho første sett 7–6. Men i andre sett snudde det raskt. Polske Swiatek braut serven hennar og Zheng tok ein medisinsk timeout.

På presserommet vart det spekulert i om det kunne dreie seg om ein taktisk pause for å få samla seg og bryte rytmen til motstandaren. Det avviste Zheng raskt.

– Det var vanskeleg å vise nivået mitt i dag. Eg fekk veldig vondt i magen og prøvde å gjere mitt beste, men klarte det ikkje i andre og tredje sett. Eg hadde ikkje nok energi til å rope «come on» ein gong, så det var veldig tøft.

Swiatek avanserte til slutt til kvartfinalen etter å ha vunne 6–7, 6–0, 6–2.

– Det bør snakkast om

Catherine Whitaker i The Tennis podkast er på plass i Paris for å dekkje Roland Garros-turneringa. Ho var glad då ho høyrde at Zheng hadde fortalt kva som hadde skjedd – og meiner det må snakkast om oftare.

– Eg vakna opp i dag med krampar. Eg trudde ikkje eg skulle komme meg ut av senga, seier Whitaker i den dagsferske episoden tysdag.

– Min første tanke var: Det er åtte kvinnelege spelarar i aksjon i dag. Sjansen er stor for at to av dei kanskje har mensen. Det kan godt vere at dei kjenner seg OK, men det kan vere at dei ikkje gjer det. Ein treng ikkje å ha store krampar for ikkje å kjenne seg heilt som seg sjølv, seier Whitaker, som påpeikar at tennis er ein idrett med ytst små marginar på høgaste nivå.

– Det bør snakkast om og er heilt normalt.

Olympisk meister Monica Puig støtter Whitaker på Twitter. Puertorikanaren skriv:

– Heilt klart noko som påverkar kvinnelege utøvarar. Endeleg blir det merksemd rundt det. For ikkje å snakke om den mentale påkjenninga det er å spele to veker i kvitt og be til høgare makter om at ein ikkje får mensen under Wimbledon.

Monica Puig of Puerto Rico celebrates after defeating Sara Errani of Italy in their women's singles tennis match at the Wimbledon Tennis Championships, in London

NERVØS: Kleskoden på Wimbledon er kvitt.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Mange er plaga med smerter

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Tromsø, Tina Pettersen Engseth, er ein del av forskingsprosjektet Fendura. Ho driv forsking på kvinnehelse og menstruasjon inn mot toppidrett og fysisk aktivitet.

Engseth fortel at det inntil nyleg har vore eit felt prega av mangelfull kunnskap, men at stadig fleire kjem på banen.

– Det er veldig store sprik i funna førebels, og ingenting ein strengt teke kan konkludere med. Likevel får ein større forståing etter kvart som forskingsprosjekt blir gjennomførte og artiklar blir publisert, seier Engseth til NRK.

Tina Pettersen Engseth

FORSKAR: Tina Pettersen Engseth.

Foto: Universitetet i Tromsø

– Vi har nyleg publisert ein artikkel som går på akkurat det. Der har vi hatt med uthaldsutøvarar frå skimiljøet. 113 utøvarar svarte og det viste seg at 80 % av utøvarane opplevde plager i samband med menstruasjon, uavhengig av om dei går på hormonelle prevensjonsmiddel eller ikkje.

Førebilete for unge jenter

Ho fortel at mange av dei som bruker hormonelle prevensjonsmiddel gjer det for å redusere smertene, som dei føler hemmar prestasjonane eller treningskvaliteten. Engseth rosar Zheng for å vere ærleg:

– Eg tenkjer det er tøft av henne og kjempeviktig at nokon tør å gå i bresjen. Ho går fram som eit førebilete for mange andre, spesielt unge jenter, ved å tore å prate om det.

Framleis opplever ho at veldig få unge jenter snakkar med trenarane sine om desse temaa.

– I og med at plagene kan ha stor innverknad på prestasjon er det ganske essensielt å ha samtale med trenaren om det, dersom ein kjenner desse plagene hemmar ein. Dessverre ligg det endå for å ha denne samtalen. Eg trur mykje av det botnar ut i mangel på kunnskap, seier Engseth.

– Utøvarane trur kanskje trenarane ikkje har kunnskap om dette, eller dei synest det er vanskeleg å snakke med ein mannleg trenar om det.

PS! Onsdag speler Casper Ruud kvartfinale mot Holger Rune i French Open. Ulrikke Eikeri og Joran Vliegen (Belgia) speler semifinale i mixed double mot Nicole Melichar-Martinez (USA) og Kevin Krawietz (Tyskland).

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal