– Wow! Eg forventa ikkje å springe så fort. Eg veit at eg kan, men for meg handla det berre om å runde av sesongen, seier Rai Benjamin til NRK.
Han hadde framleis ikkje fått med seg at han sprang inn til ny stemnerekord på 400 meter hekk med 46,39 sekund da han møtte den skrivande pressa i Eugene. Skuldrene var nede på knea og det same var nesten løpsdrakta då han entra teltet utanfor stadion.
Amerikanaren som står med OL-sølv, to VM-sølv og VM-bronse verka langt frå ekstatisk etter sigeren – som vart vunnen med den fjerde beste tida i verda nokosinne og årsbeste i verda.
– Det betyr ingenting. Eg klarte det ikkje i VM og eg har ikkje gjort det i OL, det er berre Diamond League-finalen. Ingen kjem til å hugse ein Diamond League-meister, men alle kjem til å hugse ein olympisk meister.
Benjamin: – Mange er skuffa
Amerikanaren slo Karsten Warholm med 14 hundredelar etter ei sterk avslutning. Han verka likevel sjølvransakande.
JUBLA IKKJE HØGT: Rai Benjamin var fornøgd med ein sterk prestasjon, men ville aller helst heim.
– Mange er skuffa over meg og at eg dreg til store meisterskap utan å prestere på mitt beste.
På spørsmål om den historiske OL-finalen i Tokyo var å underprestere, kontrar Diamond League-vinnaren raskt:
– Ja, eg tapte. Det er å underprestere. Eg skulle vinne det løpet og eg skal vinne kvart løp. Det er mentaliteten min. Realiteten er at ein annan braut verdsrekorden og løp raskare den dagen.
– Han var betre og har alltid vore betre når det gjeld, så eg må ta meg sjølv saman og prestere når det verkeleg gjeld, seier Benjamin.
Han siktar naturlegvis til Warholm, som senka sin eigen verdsrekord til 45,94 sekund. Benjamin sprang 46,17. Begge tidene var uhøyrt for få år sidan.
Warholm forkortar ferien
Men sjølv om den kvikke amerikanaren ikkje legg for mykje i sigeren, kastar han bensin på motivasjonsbålet til nordmannen.
– Det einaste eg kan gjere er å gå tilbake og trene og ... Ja, sesongpausen blir kortare, seier Warholm til NRK.
– Kva legg du i det?
– Eg må tilbake på jobb, sjølvsagt. Du ser at konkurrentane er på eit nivå som gjer at ein verkeleg må springe fort for å vere med og kjempe om det OL-gullet neste år. Som blir det alle kjemper om. Ting må gjerast rett. Det blir ein kamp.
HISTORISK STERKT FELT: Verdsrekordhaldar Karsten Warholm, Zürich-vinnar Kyron McMaster,
Foto: ALI GRADISCHER / AFPOg medan Warholm forkortar ferien gjer Benjamin det motsette. Han har kjøpt seg ny sykkel, som han skal trille rundt på medan han tek seg ein månad fri.
Det tilrår han den norske konkurrenten sin òg.
– Han burde ta seg litt tid til å kvile òg. Det er eit viktig år neste år, så du vil berre at kroppen skal roe seg ned. Det krev mykje å springe så fort heile tida. Men han og trenaren har gjort ein fenomenal jobb og veit kva som er best for dei.