Hopp til innhold

Qatarske fans med tysk stikk – ekspert kallar markeringa «elegant» og «veldig treffande»

Fleire bilete av den tidlegare landslagsspelaren Mesut Özil dukka opp på tribunen søndag. Bodskapet er førebels ikkje stadfesta, men dette meiner ekspertane at fansen ville få fram.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group E - Spain v Germany

HANDA OVER MUNNEN: Slik markerte fansen då Tyskland møtte Spania. Å halde handa over munnen var det Tyskland gjorde før kampen mot Japan. No blei eit bilete av Mesut Özil ein del av miksen.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Under Tysklands kamp mot Spania, blei fans sett med bilete av Mesut Özil, som trakk seg frå landslaget i 2018 etter å ha skulda leiinga og supporterar for rasisme.

Den tyske avisa Bild trur at fansen skuldar Tyskland for ein dobbeltmoral då dei sjølv klaga til Fifa etter å ha fått forbod mot å bruke regnboge-armbind.

Det gjorde dei ved å halde handa over munnen på eit lagbilete før avspark mot Japan.

NRKs kommentator Jan Petter Saltvedt meiner ein kan trekkje parallellar til det.

– Ny, fersk historie tilseier at tyskarane kanskje ikkje har vore veldig flinke til å gi alle moglegheiter til å uttrykkje seg, til å meine det dei vil, og det var ekstremt kontroversielt korleis Mesut Özil blei behandla, seier han.

– Treffande

Etter VM i 2018 blei Özil peika ut som syndebukk då Bayern München-president Uli Hoeness gjekk ut og sa at han ikkje hadde gått i ein einaste duell på landslaget på fem år.

Før Özil trakk seg, hadde han møtt den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan, og valte å publisere eit bilete i lag med han på sine sosiale medium for å vise sin støtte.

Det sette sinnet i kok hjå landsmennene i Tyskland, og det enda med at Özil publiserte ei lang fråsegn på Twitter der han skulda landslaget og supporterar for å vere rasistiske, samstundes som han takka for seg i den tyske landslagsdrakta.

– Eg er tysk når eg vinn, og innvandrar når eg tapar, skreiv han mellom anna.

Dette er det Saltvedt refererer til når han seier at Tyskland har møtt seg sjølv i døra.

Jan Petter Saltvedt

PASSANDE: NRKs kommentator Jan Petter Saltvedt meiner markeringa var treffande.

Foto: Martin Leigland / NRK

– Tyskland står fram dobbeltmoralsk, dette er eit uttrykk for at ein tykkjer tyskarane er hyklersk, seier Saltvedt.

Han påpeiker forbundet har bedd om orsak til Özil i bakkant, for at dei drog fordømminga av han for langt.

Samstundes meiner Saltvedt at Özil kanskje ikkje burde leggje ut eit bilete av president Erdogan på den tida, men at han nok følte at han kunne gjere det som tysk borgar med tyrkiske røter.

– Det merka han ganske fort at det ikkje var så stort gehør for likevel. Då er vi kanskje inne på diskusjonane som vi no har tatt til Qatar. Det ligg ei kjensle om at haldningane overfor muslimar og den arabiske verd, kanskje er annleis enn den vi har overfor dei med ein kulturell bakgrunn som vi kjenner betre i Europa. Dessverre, seier Saltvedt.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group E - Spain v Germany

BLUNK: Både fotografi og teikningar stilte tilskodarane opp med.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

– Tykkjer du at markeringa var på sin plass?

– Vi må diskutere kor mange markeringar vi skal ha her, men eg tykkjer at dette var ein som var veldig treffande. Det skal dei ha for, seier han.

Han held fram:

– Forbundet behandla Özil dårleg, og no seier dei at menneskerettar og ytringsfridom er så viktig at dei er villige til å gjere alt for å beskytte den. Det er ikkje sikkert at dei burde vore så tøffe i trynet. Det synest eg faktisk blir markert på ein ganske tydeleg måte.

Han tykkjer spesielt biletet av ein Özil som blunkar, er gjort med ein viss «subtil eleganse».

– Det er som dei seier «takk for sist». Den som ler sist, ler best, seier han.

Vil skifte fokus

Eivind Bisgaard Sundet, som har følgt tysk fotball i ei årrekke, meiner markeringa kan vere eit knep frå qatarske myndigheiter, som ynskjer å dreie fokuset.

– Ein skal ikkje tenkje så mykje lenger enn at dette går tilbake til Özil, om korleis det er å vere muslim i Tyskland. Problemet starta då dei tyske spelarane ikkje fekk ytre si meining, og no prøver myndigheitene i Qatar å skifte fokus, seier Sundet til NRK.

Han forklarar at Özil peikte på at fotballen er styrt av kvite og privilegerte menn.

– Slik er det framleis. Det inntrykket om at dei ikkje har ytringsfridom no, kan trekkjast parallellar til Özil, som blei undertrykt då han sa sin meining, seier Sundet.

Han trur ikkje at Özil er spesielt nøgd med å bli gjenstand for ein slik markering.

– Eg trur ikkje at han tykkjer det er dødskult å bli tatt til inntekt i ein kampanje om noko som handlar om noko heilt anna, seier han.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group E - Spain v Germany

MANGE: Det var ein del i publikum som markerte med eit bodskap retta mot Tyskland.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal