– Det som har skjedd er heilt fantastisk!
Lars Petter Rønnestad er akkurat tilbake for fullt, etter pappaperm, i Hødd-administrasjonen. Éi av oppgåvene er heimekampane, og på Høddvoll er det lyse tider.
Heilt ny stadion, Europacup på gamle-Høddvoll, men ikkje minst er publikumstalet svært, svært høgt.
Her takkar Hødd-spelar Erik Sandal publikum etter ein Hødd-kamp.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpixMå tilbake til '95
Mot HamKam og Stabæk i dei to første heimekampane tok 1500 menneske turen til Høddvoll. I tredje heimekamp, mot Kongsvinger, var talet nesten oppe i 1750. Det var det beste publikumstalet på Høddvoll sidan 2001.
I fjerde heimekamp, 16. mai mot Ranheim, håper ein på over 2000 tilskodarar.
– Vi forventar folkefest her på Høddvoll. Forhåpentlegvis passerer vi 2000 i ein ligakamp, noko som ikkje har skjedd sidan Hødd var i Tippeligaen i 1995, fortel Rønnestad.
I Ulsteinvik er innbyggjartalet nesten 8000.
– Kva tenkjer du om at Hødd kan generere eit publikumstal som er 1/4 av innbyggjartalet i kommunen?
– Det viser vel litt av interessa rundt Hødd. Det har skjedd mykje rundt Hødd etter at vi vann cupfinalen. Vi har selt nesten dobbelt så mange sesongkort som i fjor, og stemninga på Høddvoll er fantastisk.
- Les også:
– Sunnmøringane har hjarte for fotballen
Lars Petter Rønnestad meiner det sunnmørske publikum er genuint fotballinteressert.
Foto: Arne FlatinSlike publikumstal er stikk i strid med det som går føre seg på fotballstadion i resten av landet. Norske fotballkampar er mindre besøkt enn tidlegare.
Nabo og rival til Hødd, Aalesund, er blant dei få som òg kan skilte med gode publikumstal i toppfotballen – trass i nedgang.
- Les også:
Likevel kan dei vise til over 9- og 10.000 tilskodarar på ulike heimekampar i år.
– Er det noko spesielt med Sunnmøre?
– Ja, ein ser vel at mange av klubbane i lågare divisjonar i området òg trekk godt med publikum. Det er ingen tvil om at sunnmøringane har hjarte for fotballen og er flinke til å støtte dei lokale laga.
– Det er eit genuint interessert publikum, meiner Rønnestad, som ikkje vil uttale seg om kva andre klubbar eventuelt bør gjere annleis.
Saka held fram under bildet.
I 3. runde av NM møter cupmeisteren seriemeisteren på Høddvoll.
Foto: NRKTrur på stappfull cupkamp
Eit anna lag som òg har gode tal på heimekampane sine er seriemeister Molde. Det har likevel vore fallande etter den dårlege seriestarten.
29. mai kan det derimot bli fullsette tribunar for Molde, då på Høddvoll i 3. runde av cupen.
- Les også:
– Det opne salet har starta no, og det går svært bra, kan Rønnestad melde.
Sist Hødd spelte cupkamp på heimebane var det semifinale mot Brann. Då blei den eigentlege makskapasiteten, 4.433 plassar, tidleg utselt. Etter ei utviding med ekstratribunar møtte heile 6.261, heilt fullt.
– Det blir nok utselt til Molde-kampen òg. Vi har plass til 4.433 tilskodarar, og stadion skal fyllast, avsluttar Hødd sin arrangementsansvarlege.