Dei regjerande cupmeistrane frå Ulsteinvik søkte om å få spele den andre kvalifiseringsrunden til Europaligaen heime på Høddvoll.
I dag kom dei eitt steg nærare draumen.
– Vi har fått ganske sterke signal frå Norges Fotballforbund om at kampen kan gå på Høddvoll, seier driftssjef på Høddvoll Per Arve Moldskred.
Eit lite atterhald
Det er berre ein ting som står att før «Blåsarane» kan sleppe jubelen laus for Europaliga-kvalik på heimebane.
– Nokon frå UEFA kjem til Høddvoll og skal ha ei synfaring av bana 23 april, seier Moldskred.
Hødd har nemlig fått godkjent lisensen om å få spele kvalikkampen på Høddvoll. No må dei berre få klarsignal frå UEFA sin utsendte i neste veke, så går det i orden.
Hødd sikra seg ein plass i kvalifiseringa til Europaligaen då dei overraskande vann cupfinalen mot Tromsø 25. november i fjor.
Som cupmeister slepp dei den første kvalifiseringsrunden. Dermed går Hødd rett inn i andre runde, som dei blå truleg får spele på Høddvoll.
•Les også: Askeladden vant kongepokalen
•Les også: Nyland: – Helt sinnsykt herlig!
– Det blir eit høgdepunkt med ein slik kamp på Høddvoll i juli, seier Moldskred.
Det har vore fram til no uklart kvar den første kvalifiseringskampen skal gå, grunna uvisse kring kva fasilitetar og forhold som UEFA krev.
– Det er ein stadion som syng på siste verset, så det hadde jo vore ein flott måte å avslutte med «Europacup» på Høddvoll, seier Moldskred.
«Borte bra - heime best»
Andre alternativ for kvalifiseringskampen har tidlegare vore nemnt, mellom anna Color Line Stadion i Ålesund eller Aker Stadion i Molde.
Det er svært viktig at dei truleg får spele på heimebane.
– For spelarane, publikum og for oss som jobbar i klubben er det svært kjekt. Det gjer ting enklare på alle måtar, seier han.
Hødd er «berre» tre kvalifiseringsoppgjer vekke frå ein plass i gruppespelet i ei av Europa sine gjævaste klubbturneringar.
•Les også: Går mot ny stadion for Hødd