– Nei, eg må ha to gode hopp for å klare det. Med eitt dårleg hopp, kan eg miste alt, seier Prevc til NRK.
Han har tredjeplass i Oberstdorf, og siger både i Garmisch og i Innsbruck. Det har gitt Prevc ei solid leiing.
– Men dette er ikkje over, legg slovenaren til.
Med berre to hopp att av årets hoppveke leier han med 19,7 poeng på nummer to, Severin Freund. Dei fleste meiner at det er meir enn nok, og at han i praksis alt har vunne.
Sjå rennet på NRK.no og NRK1 onsdag frå klokka 16.55.
– Vinn om han ikkje dett
– Han har dette langt nede i lomma si. Han treng ikkje å uroe seg, seier Kenneth Gangnes, kvalifiseringsvinnaren, og mannen på tredjeplass samanlagt.
– Om han ikkje dett i morgon, vinn han hoppveka, seier NRKs ekspert Anders Jacobsen.
– Han har eit kjempeforsprang og gjer sakene sine svært bra, seier Jacobsen.
Prevc vart nummer to like bak Gangnes i kvalifiseringa. Etterpå gjekk han rett forbi heile pressekorpset utan å svare på spørsmål.
– Det er nok veldig viktig å halde eit klart fokus, iallfall i det slovenske laget. Eg har høyrt at det allereie har vore mykje feiring i trua på at dei har vinnaren. Prevc er nok livredd for det, og vil passe på at hans fokus er der det skal vere, seier Jacobsen.
Kan bli andre vinnar frå Slovenia
Peter Prevc kan bli den andre slovenaren som vinn Hoppveka samanlagt. Den første var Primoz Peterka for 19 år sidan.
– Det hadde vore ei stor ære. Men det er framleis to hopp att, seier Prevc.
Som onsdag kveld kan avslutte den austerrikske dominansen. Austerrikarane har vunne dei siste sju åra, og dobbelt dei to siste.
Og for ordens skuld: Den siste norske sigeren i Bischofshofen kom for fem år sidan. Det var Tom Hilde som vann i 2011.