Hopp til innhold

Lewandowski tok rekorden med siste spark på ballen

Det såg lenge ut til at Robert Lewandowski ikkje skulle ta scoringsrekorden. Men sekund før kampen var slutt, sletta han Gerd Müllers 49 år gamle rekord.

Robert Lewandowski

REKORD: Robert Lewandowski har scora 41 ligamål denne sesongen, ny rekord i Bundesliga

Foto: Christof Stache / AFP

Då sette den 32 år gamle polakken inn Bayerns femte mål, og kom opp i 41 totalt.

Han var rørt og svært glad etter kampen.

– Eg har ikkje ord for dette. Når du prøver i over 90 minutt å score, og så skjer det med det siste sparket på kampen, så kjennest det heilt ufatteleg godt, sa den polske scoringsmaskina.

– Ein rekord er noko du må slåst for. Det kjem ikkje av seg sjølv.

Spenninga var stor før kampen. Ikkje berre om Lewandowski skulle greie å score rekormålet, men om han i det heile skulle ønskje det. I Tyskland heva deg seg i dagane før kampen røyster som meinte han burde la vere å score – eller spele i det heile – for å la rekorden på 40 mål forbli delt mellom Lewandowski og Müller.

Men i Polen var det Lewandowski-feber før kampen.

På ein enorm elektronisk reklameinstallasjon i det mest trafikkerte vegkrysset i Warszawa blir Robert Lewandowski (32) hylla for sin fantastiske sesong i Bundesliga.

På den eine visninga står det «40 mål – rekord av Lewandowski og Müller», og på neste «Lewandowski tangerte Müllers rekord, men kan framleis slå den».

Lewandowski-målteljing i Warszawa

MÅLTELJINGSMASKIN: Denne elektroniske reklamemaskinen står på det mest sentrale punktet i Warszawa og ventar på at Lewandowski skal setje inn rekordmålet

Foto: Zbigniew Kuczynski / Privat

Sist helg tangerte han rekorden. I dag trona han på toppen åleine.

Det var Polens største avis Gazeta Wyborca som kjøpte reklameplassen i krysset mellom Jerozolimskie Avenue og Marszałkowska-gata, også omtala som Warszawas svar på Times Square.

Der er det også lagt inn ei måltellingstavle, der Lewandowskis mål blir viste.

Også på bussane i den polske hovudstaden blir det vist opptak frå Lewandowskis scoringar denne sesongen.

– Robert, ver så snill. Vi vil ha eitt mål til og ny rekord, skreiv avisa. Dei måtte vente lenge, men fekk til slutt ønskjet oppfylt.

Lewandowski skadd – rekorden var i fare

Gerd Müller

LEGENDE: Gerd Müller scora 40 mål på 34 kampar i 1971/72

Foto: Michaela Rehle / Reuters

I 1971/72 scora Gerd «Der Bomber» Müller 40 mål på ein sesong – 34 kampar – i Bundesliga. Ein rekord det er så godt som umogeleg å slå, har vore omkvedet seinare. Ingen har vore i nærleiken heller.

Men det var før Robert Lewandowski sette i gang. 15. mai tangerte han legenda Müller med si 40. scoring, eit straffemål mot Freiburg.

Faktum er at Lewandowski har spela berre 29 av Bayerns 34 ligakampar denne sesongen. Han var ute ein månad med ein kneskade han fekk i ein landskamp for Polen i mars.

Då hadde han 35 mål, og det spøkte for rekorden. Men då han var tilbake etter ein månad, slo han fast at å slå Müllers rekord framleis var eit mål for han.

– Eg håpar at når eg er tilbake på bana, kan eg også vere tilbake til mitt vanlege nivå frå det første minuttet, og ta til å score mål igjen, sa Lewandowski i eit intervju med bundesliga.com.

Etter tangeringa av Müllers rekord, la Bayern München ut denne tweeten:

Laster Twitter-innhold

Begge sette sine rekordar for Bayern München. Müller scora i alt 398 mål for klubben i løpet av 15 sesongar. Lewandowski har 202 før det som kan bli rekordkampen, og det etter berre sju sesongar i klubben.

– Vi spøkte med at det er spelarar som ikkje greier å score 40 mål i heile karrieren, inkludert på trening. Og han gjer det på ein sesong. Det er sprøtt, seier lagkameraten Marc Roca.

«Alltid» ligameisterskap med Bayern

Robert Lewandowski

STORSCORAR: Robert Lewandowski har totalt 202 mål for Bayern på sju sesongar

Foto: Peter Kneffel / AP

Lewandowski gjorde seg merka med sine ekstreme scoringskvalitetar allereie på nivå to og tre i Polen med klubben Znicz Pruszków. Han blei oppdaga av storklubben Lech Poznan og hjelpte dei til polsk ligameisterskap i 2010.

Så blei det Bundesliga og fire sesongar i Borussia Dortmund frå 2010 til 2014. Der bøtta han inn mål som hjelpte godt til i klubbens to ligameisterskap og ein meisterligafinale.

Sidan 2014 har han spela for Bayern, og blitt ligameister i alle sju sesongane. Scoringstakten har på ingen måte avteke.

Han hamna i Guinness' rekordbok i 2015 etter ein kamp mot Wolfsburg. Der kom han inn som innbytar på stillinga 0–1. I løpet av ni minutt scora han fem gonger, og Bayern vann 5–1.

Men det er med tangeringa av Müllers rekord han verkeleg har skrive seg inn i historiebøkene. Der vil han kome med endå større skrift no når han nhar teke rekorden åleine.

– Hadde vore fin gest om han trekkjer seg frå kampen

Det var det likevel ikkje alle som ønskte.

Den gamle Bayern-spelaren Dieter Hamann meiner Lewandowski av respekt for Müller ikkje burde spele mot Augsburg.

– Det hadde vore ein fin gest av han om han hadde trekt seg frå kampen, sa Hamann søndag, ifølgje Sportsbuzzer.

Han viste til at Lewandowski bomma på to store sjansar i kampen mot Freiburg, etter at rekorden var tangert.

– Eg trur mange var letta då, fordi Müller hadde framleis sin rekord, sa Hamann.

– Å dele rekorden vil vere fantastisk, og mykje meir spesielt enn å slå han, sa den tidlegare midtbanespelaren, som no er tv-kommentator.

Han minner om Franz Beckenbauers påstand:

– Bayern ville ikkje vore der klubben er no dersom det ikkje var for Gerd Müller.

Også Peter Ahrens, kommentator i Der Spiegel, meinte det hadde vore det beste om rekorden forblir delt.

Det sa også Augsburgs trenar Markus Weinzierl til Kicker. Han hadde ein plan for å stoppe Lewandowski. Ikkje berre fordi han spela for motstandaren, men også fordi Weinzierl hadde Gerd Müller som sitt store ungdsomsideal.

– Han var min assistenttrenar i Bayerns amatørlag i fire år, og ein gong delte eg rom med han ei veke på treningsleir på Lanzarote. Eg kjenner han godt, og set stor pris på han.

– Vi skal gi alt for å redde rekorden til Gerd Müller, sa Augsburg-trenaren til Augsburger Allgemeine Zeitung fredag.

Robert Lewandowski

MÅL: Lewandowski-mål mot Borussia Mönchengladbach

Foto: Peter Kneffel / AP

Dei som helst ønskjer at Lewandowski ikkje skulle score, men dele rekorden med Müller, har også ei anna bekymring:

Keeper i Augsburg er nemleg polske Rafal Gikiewicz. I Tyskland blir det spekulert i at han ville hjelpe Lewandowski med å slå rekorden.

Det avviste sjølvsagt Glikiewicz på det sterkaste.

– Eg skal ikkje gjere det lett for Robert. Tvert imot. Eg skal gje alt for å forsvare buret, sa han.

Med fleire gode redningar av sjansar til landsmannen heldt den polske keeperen ord. Men i sluttsekunda måtte han gi retur på eit skot frå Leroy Sane, og då var Lewandowski på plass og scora.

Mål kvart 59. minutt sesongen gjennom

Men storavisa Bild meinte Lewandowski må få spele og prøve å slå rekorden. Dei meinte faktisk at Lewandowski allereie er best, og grunngjev det med tal:

Han har scora eit mål kvart 59. minutt i gjennomsnitt. Müller brukte i gjennomsnitt 77 minutt. Det er fordi Lewandowski har spela berre 28 av årets 33 kampar, medan Müller spela alle 34 kampane i sin rekordsesong.

Bayern-trenar Hansi Flick valde å ikkje spare Lewandowski i sin siste kamp som Bayern-trenar.

Laurdag kveld er Robert Lewandowski rekordhaldar åleine. Til enorm jubel i Polen.

Siste nytt

  • Stadaas og Fleten til topps

    Kasper Stadaas spurtslo landsmann Amund Riege og vant Ski Classics-rennet Bad Gastein Criterium søndag.

    Blant kvinnene gikk Emilie Fleten inn til en suveren seier, nesten tre minutter foran svenske Ida Dahl. Karolina Hedenström knep den siste pallplassen.

    Magni Smedås var en av Ski Classics-sirkusets store forgrunnsfigurer sist vinter. En ryggskade har imidlertid satt Dalsbygda-jenta ut av konkurranse før nyttår, melder NTB.

    Sweden Ski Race
    Foto: Ulf Palm / AP
  • Rørt Weng etter sesongbeste: – Det har vært en lang vei

    På 10 kilometer fri teknikk i Östersund var Jessica «Jessie» Diggins i en klasse for seg selv, og økte forspranget i verdenscupen.

    – Hun flyr jo fra alt her!, sa NRKs ekspert Torgeir Bjørn.

    Forhåndsfavoritt Diggins startet knallhardt.

    Det gjorde også Heidi Weng. Med en offensiv åpning la hun seg 3.5 sekunder bak amerikaneren ved én kilometer.

    – Det spruter av gåinga til Heidi Weng, sa NRKs ekspert Fredrik Aukland.

    I tillegg var svenske Ebba Andersson og tyske Victoria Carl på skuddhold.

    Weng tapte ytterligere til amerikaneren, men holdt et jevnt høyt tempo.

    – Det er et palløp innen rekkevidde for Heidi Weng, sa Bjørn.

    Weng gikk i mål 19 sekunder bak Diggins, og holdt unna for tyskeren og svensken. Det holdt til andreplass og sesongbeste for 32-åringen.

    – Jeg var litt rørt i dag. Det er deilig å kjenne at man kan, hvis man vil. Det var en tung sisterunde der mot meg selv. Da jeg hørte at det var en klar andreplass, tenkte jeg at jeg bare måtte kjappe meg til mål, sier Weng til NRK.

    I løpet av de siste åra har Weng mistet OL, fått hjernerystelse og hatt korona. I dag ville hun bevise at hun kunne.

    Hun hadde forberedt seg ved å se på løypa fra Östersund i 2020, og lærte av Therese Johaugs seier.

    – Det har vært en lang vei de siste åra. Det har vært mye stang ut på enkelte ting. For det mentale og styrken trengte jeg virkelig en opptur, sier andreplassen.

    Anne Kjersti Kalvå endte på syvendeplass og Lotta Udnes Weng ble nummer tolv.

    jessie diggins og heidi weng
    Foto: NTB
  • Reiten tilbake i Chelsea-troppen etter langt skadeavbrekk – på benken i toppkampen mot Arsenal

    Den norske landslagsspilleren Guro Reiten gjør et etterlengtet comeback i Chelseas kamptropp i søndagens storoppgjør mot London-rival Arsenal.

    Hos motstander Arsenal sitter Frida Maanum på benken, mens Maren Mjelde er inne i Chelseas startellever.

    Reiten har ikke spilt en tellende kamp verken for Chelsea eller det norske landslaget siden 8. oktober. Da scoret hun et viktig 1-1-mål helt på tampen mot Manchester City.

    29-åringen signerte ny kontrakt med Chelsea forrige uke. Den strekker seg til 2025, med opsjon om forlengelse fram til sommeren 2026. (NTB)

    Womens Super League Chelsea v Arsenal
    Foto: PAUL CHILDS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal