NRK Meny
Normal

Petter Solberg om sonen Oliver: – Eg tør ikkje køyre mot han

14-åringen Oliver Solberg, son av Petter Solberg, imponerte stort då han fekk prøve seg i ein super 1600 Renault twingo i portugisiske Montalegre.

Petter Solbergs sønn Oliver kan være fremtiden for norsk rallycross.
14 åringen imponerte da han fikk testkjøre i Portugal.

FULL FART: FAR OG SØNN: Oliver Solberg har vært med pappa Petter på tur i rally- og rallycross-sirkuset hele livet. No vil ha konkurrera mot han.

– Det var kjempegøy. Dei seier at eg var ein av dei raskaste og det er gøy og høyre, seier 14-åringen Oliver Solberg til NRK.

Måndag fekk han køyre 40 rundar i den sama rallycross-løypa, som pappa Petter vann årets første rallycrossrunde i søndag.

Bilen han fekk køyre var ein Super 1600 Renault Twingo, etter at han vart invitert ned til å køyre av rallycrosslaget Set Promotions. Det er tredje gong han får køyre ein super 1600 bil.

14-åringen har planar om å bli rallycross-køyrar når han vert eldre.

Laster Instagram-innhold

– Han seier han skal slutte då

Far Petter Solberg har vunne VM samanlagt i rallycross dei siste to åra, og jaktar sin tredje. Om nokre år kan han risikera at sonen vert ein arg konkurrent.

– Han seier at når eg byrjer å konkurrera i same klasse som han, så skal han slutte, men eg veit ikkje eg, seier ungguten.

– Eg tør ikkje køyre mot han. Han vil det, men vi får sjå, seier Petter Solberg med eit smil.

Solberg

ERFAREN: Her er Oliver Solberg med pappa på jobb for 20. gang som treåring i 2004.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Tåa på gassen

Å køyre ein rallybil i ein alder av 14 år har sine utfordringar. Oliver er litt for kort, og må derfor trykka ned gassen med tåa. Tidlegare har han for det meste køyrd crosskart, der han vart nordisk meister i 2014.

Oliver Solberg nordisk mester

STORT TALENT: Oliver Solberg vart nordisk meister nokre dagar før han fylte 13 år i 2014.

Foto: Susann Michaelsen / NRK

– Eg har tenkt å byrje med rallycross i år, det er planen, seier 14-åringen.

For å køyre i rallycross European Challenge 1600-klassen er aldersgrensa 16 år, men i land som Portugal og Latvia er det mogeleg å søkja om dispensasjon.

– Dei skal ha møter om det, seier pappa Solberg om aldersgrensa.

I tillegg til å få dispensasjon for alderen, må han få på plass om lag 150.000 kroner for kvar runde.

Siste nytt

  • Real vann også returkampen

    Real Madrid utan suspenderte Cristiano Ronaldo slo Barcelona 2-0 i returkampen i den spanske supercupen i går kveld. Asensio og Benzema scora, og Real vann 5-1 samanlagt.

    Barcelonas sportsdirektør sa etter kampen at signeringane av Liverpools Philippe Coutinho og Dortmunds Ousmane Dembele snart er klare.

    Den spanske ligaen sesongopnar laurdag.

    Real jubel
    Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Ingebrigtsen hjemkomst
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: EM feltritt - dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Toppserien: LSK - Avaldsnes
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Sprint i Aure
Toppidrettsveka: Sprint