Hopp til innhold

Høgmo blir genierklært i Sverige – nærmar seg sensasjon

Per-Mathias Høgmo har vorte ein svært populær mann i Sverige. No er hans Häcken seks kampar unna eit overraskande seriegull.

Fotboll, Allsvenskan, Häcken - Helsingborg

BLIR HYLLA: Per-Mathias Høgmo kan føre Häcken til det heilt store denne sesongen.

Foto: MICHAEL ERICHSEN / BILDBYRÅN

Medan Høgmo for mange i Noreg blir hugsa som mannen som ikkje klarte å ta Noreg til ein ny meisterskap, med tap mot nasjonar som Aserbajdsjan og ein sørgjeleg EM-playoff mot Ungarn.

Men i Sverige og Häcken er tonen ein heilt annan.

Den norske trenaren tok over svenske Häcken i 2021 for å redde klubben frå nedrykk. Det klarte han, men Häcken gav seg ikkje med det. No kjempar klubben mot den tradisjonelle klubben Djurgården om å ta seriegull med seks kampar igjen av sesongen.

– I dette tilfellet (førre sesong) var det veldig mykje skadar, vi selde veldig mykje spelarar og vi kunne ikkje stille med det same laget ein einaste gong. Det vart ein type krisehandtering. Det var mykje vanskelegare her enn i Djurgården, seier Høgmo til NRK om perioden då han først tok over klubben.

Det gjer at den tidlegare landslagssjefen blir genierklært av svenskane, og klubben har aldri vunne Allsvenskan. Det næraste dei har vore, er ein andreplass i 2012.

Fotboll, Allsvenskan, Häcken - AIK

HERJAR: Häcken har berre tapt to kampar denne sesongen. Det er færrast i ligaen.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Smiler av Real Madrid-påstand

Häckens sportssjef Martin Ericsson sa nyleg at Høgmo var i stand til å trene sjølvaste Real Madrid.

– I verda mi er han ein av få trenarar frå Skandinavia som med leiarstilen sin kunne trena Real Madrid. Då tenkjer eg også på måten han er på, og kor trygg han er på seg sjølv, sa Ericsson.

Han utdjupar overfor NRK:

– Det eg meiner er den utruleg sterke leiarskapen hans, og driven. Eg trur vi er ein veksande klubb og ser oss sjølv som ein stor klubb i Sverige. Vi må ha trenarar som er gode leiarar med god leiarskap. I tillegg må du ha gode fotballspelarar, danne eit lag og ha eit engasjement for klubben. Der er han sterk, meiner sportssjefen.

Martin Ericsson

REAL MADRID-SAMANLIKNING: Sportssjef i Häcken. Martin Ericsson, meiner Høgmo har leiareigenskapane til å trene Real Madrid.

Foto: Terje Haugenes / NRK

Høgmo smiler av uttalen til Ericsson.

– Det er vel ein metafor han brukar, det er artig, seier Høgmo.

– Det er litt slik å vere topptrenar, og det har eg opplevd i ein karriere over 32 år. Ein er ein helt den eine dagen og så er du «idiot-forklart» den andre dagen. Det som kanskje har endra seg over tid, er kortare frekvens på når du er genierklært. Som trenar handlar det å balansere dette, seier han vidare.

– Kunne du trena Real Madrid?

– Det som er fascinerande med Ancelotti er rolla i den typen lag. Du leier oppover og nedover i systemet, og trenaren står midt imellom. Det er ein spennande og utfordrande jobb.

Les også Vetlesen kalt inn til oppvaskmøte etter krangel: – Var kanskje litt ivrig

Hugo Vetlesen

Hagerup og Børli inspirerte

Per-Mathias Høgmo

OPPTUR: Etter nokre år utanfor trenaryrket har Høgmo snudd Häcken opp ned.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Høgmo har gjerne nokre litt meir spesielle metodar i sin periode som trenar. Spelarar han har trena har opplevd dikt, ballett og yoga. Noko av dette har han også teke med inn i Häcken.

– Wenger sa tidleg på 2000-talet at det har vore mykje fokus på fysisk trening, men no blir det mykje meir fokus på mental trening. Sjølvsagt har vi implementert ein del her som vi brukte i Tromsø. Det er ein del av årsaka til dei stabile prestasjonane våre, meiner Høgmo.

Han meiner media liker å fokusere på slike metodar, men det lever han godt med.

– Eg tenkjer i ei fotballverd som kan vere einsformig, er det bra å få inn andre aspekt. Det som er bra med lyrikk, er at du kan få sagt mykje på få ord. I Tromsø køyrde vi lesesirklar på Inger Hagerup og Hans Børli, og då byrja spelarar å skrive dikt. Då utviklar du menneske, seier Häcken-trenaren.

Etter nedturen med landslaget tok han to år i Fredrikstad som sportssjef for å kunne vere meir heime, fortel han. Deretter jobba han i ein periode som trenarutviklar for Noregs Fotballforbund.

– Eg rista av meg skuffelsen og kom inn i nye jobbar. Eg fann stor motivasjon. Det er spesielt i fotballbransjen, med mykje puls og lidenskap. Du ser forskjellar kvar dag. I Häcken går vi på jobb kvar dag for å bli betre, seier han.

Per-Mathias Høgmo

STORT SMIL: Per-Mathias Høgmo har hatt mykje å smile for denne sesongen.

Foto: Christian Dehlie Lokøy / NRK

Gir Høgmo stor ære

Han meiner slutten av perioden som norsk landslagssjef var noko av det tøffaste han har opplevd som trenar.

– Eg vil seie det var ein krevjande situasjon – det var det absolutt. Fordi du har så inderleg lyst til at laget, nasjonen og alle skal få ei fin oppleving.

Men i Häcken har han altså verkeleg fått det til å svinge. Ericsson hyllar den norske trenaren sin.

– Han skal ha ei stor ære (for snuoperasjonen), absolutt. Han har utført oppdraget på ein veldig sterk måte. Vi har vore ein god match og vi passar saman, seier Ericsson.

Han seier at Høgmo er ein profil som passar Häcken svært godt, og etter samtalane med nordmannen kjendest det rett å tilsetje han.

– Han har enormt driv, står for utvikling og vil framover heile tida. Der er han eksepsjonell og vi må nesten halde han tilbake, for han vil komme med nye ting heile tida.

Slik ser tabellen ut med seks kampar igjen:

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal