– Eg slo jo heile bøtteballetten – det var utruleg stort!
Isabelle Pedersen fortel engasjert om gårsdagen i Zagreb som ho beskriv som sitt store karrierehøgdepunkt.
Slo sølv- og bronsevinnar frå VM
For i finalen på 100 meter hekk under World Challenge-stemnet i Zagreb (nivået under Diamond League) stod 23-åringen som ein underdog i bane åtte. I banene ved sidan av var europameister frå i fjor Tiffany Porter, sølvvinnar frå årets VM Cindy Roleder og bronsevinnar Alina Talay.
Men Isabelle Pedersen lét seg ikkje skremme. Frå den yttarste banen får ho til ei knallsterk avslutning og spring inn til sin fyrste internasjonale siger som senior og tangerer den personlege bestenoteringa på 12.86 som ho sette i semifinalen i VM. Det hadde iallfall ikkje den engelske kommentatoren sette pengane sine på.
– Isabelle Pedersen tek sigeren! Oh my. Eg trur ho er i sjokk. Alt fokuset var på Lolo Jones og Tiffany Porter og duellen mellom dei før start, men det er Pedersen som vinn. Ho tar ein kjempestor skalp der. Kan du tru det? Gode tider kan ligge framfor henne. Det er det største sjokket for kvelden!
Ho kan ikkje tru det, ropar den britiske kommentatoren i Ever Sport medan Pedersen jubla med sigersdans i målområdet, men like overraska som kommentatoren var nok ikkje bergensaren.
– Forma visste eg var god og det her viser at eg har gjort ting riktig etter VM. Det er kjempegøy å vinne sitt fyrste store løp i eit så fullspekka heat. Helt klart det desidert beste løpet mitt så langt i karrieren.
– Kvifor fungerte det så bra i går?
– Flyten var betre enn i VM og eg følte eg sprang meir avslappa, men samtidig aggressivt. Det er absolutt det beste eg har gjort, men det er langt frå det beste eg har inne, meiner Pedersen.
Håpar på pers i Diamond League
Og det håpar hekkeløparen det framleis er mogleg å få ut før sesongen er over på søndag.
– No køyrer me all-in. Eg har ei fin bylgje å flyte på no og det er absolutt mogleg å senke persen enda meir.
Akkurat no jobbar managementet til Pedersen med å få plass i Diamond League-finalen i Brussel på fredag. Viss ikkje det gjev resultat blir søndagens 100 meter hekk i italienske Rieti årets siste løp.
– Det er ingenting som hadde vore så gøy som å få plass i Brussel, seier Pedersen som kryssar fingrane.