Hopp til innhold

Over halvparten vil ha Al-Samarai som idrettspresident: – Ønskjer ein Klaveness-effekt

Trenden er klar blant idrettskrinsane i Noreg. Seks av elleve ønskjer ein ny president i Idrettsforbundet.

Zaineb al-Samarai og Berit Kjøll

UTFORDRAR: Zaineb Al-Samarai er ein av kandidatane som utfordrar noverande idrettspresident Berit Kjøll om det høgtståande vervet.

Foto: Stortinget/Håkon Mosvold Larsen / Stortinget/NTB

– Ho har eit godt pågangsmot og vil vere eit friskt pust inn i organisasjonen, seier Inger Lilleby Fløgum, styreleiar i Innlandet idrettskrins.

Det er ikkje Fløgum åleine om å meine.

Viken, Oslo, Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag og Troms og Finnmark idrettskrins har alle utnemnt Zaineb Al-Samarai som presidentkandidaten sin.

Det betyr at over halvparten av krinsane ønskjer Zaineb Al-Samarai som ny idrettspresident.

Ikkje overraskande, meiner NRK sin sportskommentator.

Det er ingenting overraskande over dette. Det har vore tydelege signal dei siste månadene på at mange av krinsane ønskjer ein ny kurs vidare, representert ved nettopp Zaineb Al-Samarai, seier Jan Petter Saltvedt.

Berit Kjøll har allereie stadfesta at ho ønskjer å stille til attval som president. Viken har også foreslått tidlegare administrerande direktør i Norsk Tipping, Åsne Havnelid, som presidentkandidat.

Les også Slår alarm om barneidretten: – Mer bekymret enn noen gang før

Athena t.v. og Sofija

Inspirert av Klaveness

Saltvedt meiner Lise Klaveness har bana veg for Al-Samarai. Fotballpresidenten har vorte veldig populær etter å ha teke eit tydelegare standpunkt i mange sentrale saker.

Alle i norsk idrett har sett korleis norsk fotball forandra seg etter at Lise Klaveness vart vald til president. No ønskjer ein tilsvarande Klaveness-effekt for idretten sentralt, meiner Saltvedt.

Lise Klaveness i Dagsnytt 18 studio.

KLAVENESS-EFFEKT: Lise Klaveness har gjort seg merka i rolla som fotballpresident og har mellom anna vunne likestillingspris for arbeidet sitt.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Al-Samarai er tidlegare stortingspolitikar og jobbar no som kommunikasjonsekspert. I tillegg har ho erfaring som leiar for Holmlia sportsklubb og i styret til Vålerenga Fotball. Ho er også sitjande styremedlem i Idrettsforbundet.

Krinsane NRK har snakka med meiner bakgrunnen og erfaringa til å ta norsk idrett vidare.

Vi synest ho er dyktig og flink til å kommunisere. I tillegg representerer ho unge kvinner som vi meiner er fint å få inn i leiarposisjon, seier Kåre Sæter, styreleiar i Møre og Romsdal Idrettskrins.

Agder, Nordland, Rogaland, Vestland, Vestfold og Telemark har ikkje diskutert presidentkandidatane i styret endå.

Takkar krinsane

Al-Samarai vil ikkje stille til intervju med NRK, men har skrive ei utsegn på SMS.

– Eg set utruleg stor pris på at mange krinsar og særforbund har spelt meg inn som presidentkandidat. Som utøvar og tillitsvald både i breidde- og toppidretten, veit eg kor enormt verdifull idretten er.

I tillegg til brei erfaring, har Al-Samarai vakse opp på Holmlia etter at familien flykta frå Irak.

– Eg har kjent på kor godt det var at idretten inkluderte meg då eg var eit fattig barn frå Holmlia. Eg vil at endå fleire barn, unge og vaksne skal få oppleve den same gleda og verdien av idrett som eg har fått. No skal valkomiteen gjere jobben sin, og den jobben skal vi ha respekt for, skriv Al-Samarai avsluttande i tekstmeldinga.

Les også Her kommer valgkampvinteren

Berit Kjøll og Åsne Havnelid

Storfavoritt

Bakgrunnen til 35-åringen trur Saltvedt berre er til fordel for presidentkampen.

Til saman er dette faktorar som nok gjer at ho blir sett på som ein presidentkandidat som mykje betre ser dei openberre utfordringane i idretten dei neste åra. Idrettspresidentar har i altfor stor grad vore snorklipparar i Dale-genserar. No treng ein politikar som skjønner den openberre krisa breiddeidretten står midt i, seier Saltvedt.

Jan Petter Saltvedt

SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: Martin Leigland / NRK

Det stadfestar også styreleiar i Oslo idrettskrins.

– Ho er svært kompetent og erfaren. Og ho er nærare medlemmene. Både i bakgrunn, erfaring og alder. Det gjer at ho kan kjenne seg igjen i fleire problemstillingar, seier Marcela Montserrat Fonseca Bustos.

Kor stor favoritt er ho til å vinne valet i juni?

Ho er storfavoritt etter dette. Også gjennom signaleffekten dette gir overfor dei stemmeføre som ikkje har bestemt seg, avsluttar Saltvedt.

Siste nytt

  • Rivaloppgjør i Belgia uten bortefans til 2025

    Ingen bortesupportere får komme inn på stadion under oppgjørene mellom Standard Liege og Anderlecht i belgisk fotball i flere år fram i tid.

    Klubbene opplyser om beslutningen i sine mediekanaler mandag.

    Siden 2017 har fire kamper mellom lagene blitt stoppet grunnet supportertrøbbel. Sist torsdag skjedde det i åttedelsfinalen i cupen. I etterkant har klubbene måttet ta grep for å hindre at slikt skjer igjen.

    «Til tross for sikkerhetstiltak, endte «Clasico» med vold og store materialistiske ødeleggelser», heter det i uttalelsen mandag.

    Dermed har de bestemt at ingen bortefans får komme inn på stadion i kampene mellom lagene i hvert fall fram til slutten av 2024/25-sesongen. (NTB)

    Standard Liege - Anderlecht
    Foto: BRUNO FAHY / AFP
  • Mer trøbbel for Manchester United - stjerner syke

    Verken Marcus Rashford eller Anthony Martial var å se på mandagens Manchester United-trening. Det er dårlig nytt før tirsdagens skjebnekamp mot Bayern München i Mesterligaen.

    Ifølge flere journalister som er tett på de røde djevlene, deriblant Andy Mitten, glimret både Rashford og Martial med sitt fravær på mandagens økt. Årsaken skal være sykdom.

    Martial spilte fra start da Manchester United ble ydmyket hjemme mot Bournemouth lørdag ettermiddag. Rashford kom inn fra benken inn 0-3-tapet.

    Tirsdag skal Uniteds Mesterliga-skjebne besegles. De må slå Bayern München i den siste gruppespillskampen, og samtidig håpe på poengdeling i oppgjøret mellom FC København og Galatasaray.

    FILE PHOTO: Premier League - Manchester United v Manchester City
    Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters
  • Skiskytter testet positivt for korona - forlater samling

    Marthe Kråkstad Johansen har testet positivt for covid-19 og forlater landslagssamlingen. Hun går dermed ikke verdenscuprenn i Lenzerheide den kommende helgen.

    Det opplyser Norges Skiskytterforbund i en pressemelding mandag ettermiddag.

    – Det er selvsagt veldig kjedelig, og vi skulle gjerne hatt henne med videre til Lenzerheide, sier Per Arne Botnan, sportssjef i skiskytterforbundet.

    Johansen erstattes av Førde IL-løperen Karoline Erdal.

    – Karoline leder IBU Cup for kvinnene og har prestert veldig bra så langt i sesongen. Vi ser frem til å ønske henne velkommen inn i troppen og ønsker samtidig Marthe god bedring så lenge, sier Botnan.

    Juni Arnekleiv, Karoline Knotten, Marit Ishol Skogan, Emilie Kalkenberg og Ingrid Landmatark Tandrevold er de andre kvinnene som skal i aksjon i Lenzerheide den kommende helgen.

    Marthe Kråkstad Johansen
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal