Hopp til innhold

Satsar mot OL-gull i Paris – ønskjer likevel ikkje å seie opp jobben

Mange OL-utøvarar deler nok Eivind Henriksens mål om ein gullmedalje når Paris-OL 2024 står for døra, men det er nok få av dei som ønskjer seg den ideelle treningskvardagen til sleggekastaren.

Eivind Henriksen

SATSAR MED JOBB PÅ SI: Eivind Henriksens ideelle treningskvardag betyr å halde fram i «ni til fire»-jobben.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Eivind Henriksen tok eit historisk sølv i sleggekast under OL i Tokyo. Om tre år blir leikane arrangerte i Paris, og på spørsmål om målet er å attskape bragda frå Tokyo, er han offensiv.

– Ja, absolutt. Det er jo eitt steg til, så det er naturleg å tenkje på den gullmedaljen, seier han til NRK.

Men sjølv om han går for OL-gull i 2024, har han ingen planar om å seie opp kvardagsjobben.

– Liker å komme meg litt vekk

Henriksen ønskjer nemleg å halde fram som bilflyttar, heller enn å bruke all si tid på idretten.

– Hadde ein berre sete heime, ville ein berre ha tenkt på friidrett og sleggekast. Eg liker å komme meg litt vekk og snakke med vanlege folk, seier han.

Fleire potensielle nye sponsorar har kontakta han etter OL-sølvet, men Henriksen fortel at ingenting er avklart.

Eivind Henriksen

Eivind Henriksen. Her frå ei økt som instruktør for friidrettsskulen til landslaget.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Viss eg hadde slutta i jobben ville det uansett ikkje vorte meir trening, berre meir tid til restitusjon.

Sjølv med tre arbeidsdagar i veka har ikkje Henriksen problem med å få treningskvardagen til å gå opp.

– Eg har framleis ni treningsøkter. Doble økter dei dagane eg ikkje er på jobb. Det som kunne vore eit alternativ er å jobbe 60 % på hausten og vinteren, og ha meir fritid på nyåret inn mot sesong.

Konkurrent blir kjærkommen treningsvenn

Sleggekastaren har lenge vore einsam i satsinga i Noreg, og seier at det mellom anna er det kollegiale som trekkjer han til sjåførjobben.

Når opptreninga startar igjen til hausten, blir kollegiet for sleggetrening likevel dobla. Noregs nest beste sleggekastar, Thomas Mardal, vender heim frå USA.

– Det hadde jo gjort det meir spennande i treningskvardagen. Ein har jo tunge dagar på trening, då hadde det vore betre med ein kompis der som kunne løfta ein opp.

Thomas Mardal

Thomas Mardal, her frå ei turnering i Arkansas, USA. 24-åringen herjar blant sleggekastarane på college-nivå i USA, og har ein rekord på over 76 meter. Til hausten vender han heim.

Foto: Kirby Lee / Reuters

Noregs to beste sleggekastarar har ikkje trena så mykje saman, men har møttest på ein treningsleir i USA i 2019, og når Mardal er på ferie i Noreg.

– Det er alltid kult det. Han er nok litt dårlegare enn meg, reint teknisk, men så er han sterkare enn meg i vektrommet. Så eg trur vi begge kan lære mykje av kvarandre og «pushe» kvarandre til å bli betre.

Siste nytt

  • Strøm fikk kongepokal etter kjempehopp

    Anna Odine Strøm hoppet ned til gull og kongepokal i liten bakke under hopp-NM i Midtstubakken lørdag. Halvor Egner Granerud vant på herresiden.

    Strøm hoppet 95 og 102 meter i sine to svev i konkurransen og vant foran Heidi Dyhre Traaserud. Sistnevnte ledet etter 1. omgang, men kunne ikke svare på det sterke avslutningshoppet til Strøm. Traaserud fikk opp 99,5 meter i begge sine hopp.

    Traaserud ble nummer to, 3,4 poeng bak, mens Ingvild Synnøve Midtskogen ble bronsevinner 15,9 poeng bak. Hun hoppet 94,5 i begge sine to hopp.

    Silje Opseth ble firer, mens Gyda Westvold Hansen, som vant sommer-NM i august, ble nummer fem. Hansen har gjort det sterkt som kombinertutøver, men skal denne sesongen satse som spesialhopper fram mot OL.

    Det ble utdelt kongepokal i kvinneklassen. I herreklassen var Granerud sterkest med svev på 96 og 103,5 meter. Isak Andreas Langmo ledet etter 1. omgang og tok sølvet med 100 og 101 meter. Langmo ble slått med 4,7 poeng.

    Kristoffer Eriksen Sundal endte på bronseplass (100 og 101,5 meter). (NTB)

    Ski-VM 2025
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Aktivist lagt i bakken under Norges kamp mot Israel

    Én person tok seg inn på banen under VM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Israel på Ullevaal stadion.

    Aktivisten hadde «Free Gaza» på T-skjorten.

    Oppgjøret hadde vart i sju minutter da dommeren stoppet spillet grunnet banestormingen. Spillet startet igjen kort tid etterpå, etter at personen ble dratt ut av sikkerhetsvakter.

    Følg og hør kampen direkte her.

    Banestormer lagt i bakken under VM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Israel på Ullevaal stadion
    Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
  • Pogacar tok sin femte strake seier i sykkelklassikeren Il Lombardia

    Den slovenske sykkelstjernen Tadej Pogacar (27) har vært nærmest ustoppelig i 2025. Lørdag vant han Il Lombardia for femte år på rad.

    Il Lombardia er sesongens siste av de fem monumentene i sykkelsporten.

    Det var UAE-rytterens profftriumf nummer 108 i karrieren siden den første i 2019.

    – Han er best og gjør som han vil. Han slår nye rekorder og stiger og stiger på sykkelhimmelen, sa Max-kommentator Theis Magelssen.

    Med triumfen tangterte Pogacar italienske Fausto Coppis rekord på fem seirer i endagsrittet. Coppi vant fem ganger mellom 1946 og 1954. Sloveneren er også den første syklisten til å havne på pallen i alle de fem sykkelmonumentene i løpet av samme sesong.

    – Allerede som 27-åring har han gode argumenter i diskusjonen om hvem som er tidenes beste syklist, fortsatte Magelssen om Pogacar.

    Uno-X stilte i Il Lombardia, men kunne ikke hevde seg i toppen. Laget jakter World Tour-lisens neste år og kjemper mot Cofidis.

    (NRK/NTB)

    en mann som bruker hjelm og sykler
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal