Kristian Fardal Opseth øydela dagen for serieleiaren to gonger. Først sette han ballen i mål via beina til Brann-keperen, deretter hadde han verdas lettaste jobb med å breiside inn 2-2 berre seks minutt etter at Brann på nytt hadde teke leiinga.
Måla mot Brann var Opseths femte og sjette i år, men dei første sidan 13. mai.
– Det er godt at det losna og at eg kan score litt mål igjen. Eg får to frntastiske ballar, og det eine er umogeleg å bomme på, seier Opseth, som hadde fått heile familien på besøk frå Sogndal til denne kampen.
– Ein sterk prestasjon
Ved inngangen til eliteseriens tre kampfrie helgar er dermed Branns leiing berre to poeng på Rosenborg. Og Branns tidlegare så stødige forsvar har sleppt inn seks mål på dei to siste kampane.
– Det er ein sterk prestasjon av oss. Å kome tilbake to gonger etter å ligge under mot Brann er vanskeleg, seier trenar Kjetil Knutsen.
Han kunne gle seg over samarbeidet mellom Amor Layouni på venstrekanten og Opseth inne i midten.
– Det var viktig at Kristian scora. Han er som alle spissar avhengig av gode innlegg, og det fekk han i dag, seier trenaren. – Vi kjem til å score mange fleire mål på denne måten.
Nilsen: – Passe nøgd
Branns trenar Lars Arne Nilsen var det han sjølv kallar passe nøgd.
– Vi har bra kontroll, men slepper dei inn i kampen igjen to gonger. Likevel maktar vi eitt poeng, og det var godt etter kampen sist, seier han, og siktar til 0-4 mot Molde.
Brann har vunne berre to gonger på dei siste sju kampane. Det tek ikkje Nilsen så tungt.
– Vi har hatt ein god vårsesong og er nøgd med det. Vi har kanskje hangla litt dei siste kampane, men det umogeleg å vere på topp ein heil sesong. Vi er i serieleiing, og det er strålande.
Sivert Heltne Nilsen gav Brann ein finfin start med sitt 1-0-mål, og Brann verka å ha god kontroll.
Men etter utlikninga var Glimt fullt på høgde.
– Vi må opp med tempoet. Dei ligg og ventar på kontringar, sa Branns målscorar til Eurosport i pausen.
Men det same gjentok seg etter pause. Brann kom godt i gang og Peter Orry Larsen var høgast og stanga inn 2-1.
Før Fardal var på rett plass til rett tid og lett kunne breiside inn 2-2 berre nokre få minutt etterpå.
Brann sette innpå sit mest rutinerte og tunge skyts på slutten, og Daniel Braaten var nær scoring på eit langt framspel. Men Glimts keeper Ricardo var vaken, gjekk utanfor feltet og rydda opp.