– Det er natt og dag, eg har jo slite med å puste normalt, seier Heidi Løke til NRK.
I desember fekk ho ein smell i nasen og gjekk blødande av banen under VM i Japan. Då vart det konstatert brot.
Ho spelte likevel vidare. Då ho kom heim, venta seriespel med Vipers Kristiansand. I sommar skulle ho eigentleg ha spelt OL med Noreg – med brekt nase.
«TREKKSPEL»: Heidi Løke har omtalt eigen nase som eit trekkspel. Her avbilda i intervjusona etter nasebrotet i desember.
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRKSju brot
Då OL vart avlyst, vende ho nasen mot kirurgen og fekk rydda opp. Då visste ho ikkje kor ille det var.
– Eg har jo ikkje visst at eg har hatt så mange brot i nasen min. Eg visste at nasen var brekt. Eg var raskt på sjukehuset etter meisterskapen for å rette opp nasen for å få den fin igjen. Ein kort periode var den eigentleg ganske bra, men så har det på ein måte berre forverra seg etter at eg fekk knekt han på plass. Eg har ikkje visst at eg har hatt sju brot, seier Løke.
Hos kirurgen viste det seg at operasjonen vart rimeleg komplisert.
– Spesielt det brotet som var heilt oppe der nasa møter panna, der hadde på ein måte nasebeinet grodd fast under panna. Så det måtte han knekke opp igjen for å i det heile kunne klare å rette opp nasa.
Strekspelaren vann serien med Vipers før handballen tok ufrivillig pause, og hevar ho ikkje har kjent noko smerter, sjølv om ho har omtalt nasen som «eit trekkspel».
Sprekt opp i tannkjøttet
Det verste har vore å få sove.
– Eg vaknar om natta og er kjempetørr i munnen fordi at eg berre pustar igjennom munnen. Det har på ein måte sprekt opp i tannkjøttet fordi det har vore så tørt.
Sesongoppkøyringa med Vipers startar 20. juli. Sidan handballsesongen tidleg vart avblåsen, har ho hatt ein lang pause slik at nasen kan gro.
– Eg har jo ikkje hatt noko vondt i nasen. Eg har jo berre kjent at ikkje pusten har vore heilt normal. Systemet har ikkje fungert heilt, men eg har jo sprunge intervall og spelt heile kampar utan at eg har tenkt over det.
– Har det fått nokon konsekvensar for spelet ditt?
– Nei, men eg kjenner det jo. Og han kirurgen meinte jo at eg kom til å få igjen for det no, i og med at eg har trena berre ved at eg pustar med munnen.
AU!: Heidi Løke fekk smellen mot Danmark i desember. Totalt var det sju brot i nasen.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix