Hopp til innhold

OL-skyttaren vart skotredd: – Du kvir deg for smellet

Henrik Larsen har delteke i OL og er ein av verdas beste med finkaliber- og luftrifle. Likevel er han langt frå i esset sitt under Landsskyttarstemnet denne veka.

OL-klare skyttere

LANGT IFRÅ: Henrik Larsen kvir seg når han skal skyte med grovkaliber-våpen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Du kvir deg for rekylen og smellet, sjølv om det ikkje er farleg. Det sit oppi hovudet. Det sit eitt eller anna oppi hovudet som fortel at dette er farleg og gjer vondt, men det gjer ikkje det, seier Larsen.

Sist sommar enda 24-åringen på 9.-plass og akkurat utanfor finalen i rifle heilmatch i OL. I Tokyo leidde han lenge kvalifiseringa lenge, men under Landsskyttarstemnet (LS) denne veka er Larsen meir som listefyll å rekne.

Sommer-OL i Tokyo 2021

KLAFFA IKKJE: Henrik Larsen måtte følgje finalen i rifle heilmatch i OL frå tribunen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Larsen enda med 228 poeng av 250 moglege på den innleiande baneskytinga i LS. Han meiner sjølv han på sitt beste er god nok for 240, som likevel er eit godt stykke opp til plass i kongelaget. I førre landsskyttarstemne i 2019 måtte ein ha 245 poeng for å få ein av dei 15 plassane.

– Det høyrest jo veldig rart ut. Vi trenar vel 25 timar i veka og skyt på ein blink, og derfor er det litt rart at eg ikkje klarer å trekkje av i midten her.

Ulike våpen

Det er nemleg stor forskjell på våpenet Larsen bruker til vanleg, og det han bruker under LS. I OL bruker han eit lettare finkaliber-våpen, medan det i LS blir brukt våpen for grovare kaliber (6,5-kaliber). Det gir eit større smell og meir rekyl (våpenets rørsle bakover etter avtrekk). I tillegg er sjølve avtrekket vesentleg tyngre.

– Når eg kjem hit og skal skyte grovt, kvir eg meg for å komme inn i blinken. Det er jo ikkje slik ein skal skyte. Ein skal vere avslappa når ein skyt, seier Larsen til NRK.

– Eg blir blinkredd. Eg kan stå og sikte i vollen, eller i eit kratt ved sida av skivene, og då går det heilt fint å trekkje av utan problem. Men med ein gong det svarte merket kjem inn i forsiktet, då er det eitt eller anna ein tullar med, som gjer at ein ikkje klarer å trekkje av midt i. Då blir det ikkje mykje poeng.

Sambuaren Jeanette Hegg Duestad er til liks med Larsen ein av verdas beste med finkaliber-rifle. Ho deltok òg i OL sist sommar.

Men i motsetning til Larsen er Duestad òg habil med grovare kaliber, og ho er ein av dei store favorittane til å stikke av med kongepokalen.

– Eg har klart å halde den 6,5-skytinga litt meir ved like kvart år. Så eg er vel ganske heldig som klarer å takle den overgangen ganske lett, seier ho.

Jeanette Hegg Duestad og Henrik Larsen

SAMBUARAR: Henrik Larsen diskuterte skytinga med sambuar Jeanette Hegg Duestad.

Foto: Oddvar Sagbakken Saanum / NRK

Voks opp med Landsskyttarstemnet

Larsen har ikkje alltid strevd like mykje med grovkaliber-skytinga. Som så mange andre norske skyttarar starta han skytelivet i eit skyttarlag under Det frivillige Skyttarvesenet (DFS), som arrangerer Landsskyttarstemnet. Allereie som 11-åring i 2009 var han med på sitt første LS i Evje.

På LS er det grovkaliber som gjeld, men i 2013, då han skulle starte som elev ved Noregs Toppidrettsgymnaset, la Larsen bort grovkalibervåpenet for å satse på luft- og matchskyting.

Skotredselen kom ikkje med ein gong. Året etter vart Larsen faktisk nummer to i juniorklassen i feltskyting under Landsskyttarstemnet i Sandnes.

– Men då eg kom mot hausten i 2015 igjen, kjende eg at det var eitt eller anna som var annleis. Då var eg ikkje like tøff på avtrekkjaren, og klarte ikkje å stå der og klemme, seier han.

– Det har vorte for lite grovkaliberskyting, og då har du vorte skotredd, rett og slett.

Les også Konkurrerer for første gang: – Det er smellene som er artig

En gutt ligger på magen og holder et gevær mens han smiler og ser inn i kamera.

Lunde: – Heile kroppen trekkjer seg saman

NRKs skyteekspert Ola Lunde seier det ikkje er uvanleg at skyttarar kan slite med å vere skotredde, men meiner det er merkeleg at ein så god skyttar skal slite så mykje.

OL-klare skyttere

MERKELEG: NRKs skyteekspert synest det er merkeleg at ein så god skyttar kan slite så mykje.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er noko som skjer med han. Han var ein veldig god rekrutt-skytar, og så plutseleg klarar han ikkje å dra i avtrekkjaren. Det er som heile kroppen trekkjer seg saman. Det resulterer i veldig dårleg skot.

– Kva trur du er grunnen?

– Poenget er at han ikkje har sett noko særleg på det. Hadde han lagt seg i knalltrening, og skote 10.000 skot med 65, så hadde han nok vorte ganske god på det han òg. Men han har valt å satse på internasjonal skyting.

PS! NRK sender frå Landsskyttarstemnet i Bodø tysdag, onsdag og torsdag. Sendinga tysdag startar klokka 15.

Les også Detaljene som skaper reaksjoner – mener gullvinneren bryter reglene

EMQrqHAXg6E

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal