– Det er ikkje derfor eg held på, eller det som motiverer meg. Det smakar mykje betre med eit OL-gull i Tokyo neste år, seier 25-åringen frå Bergen med eit smil.
NRK har sett på inntektene og formuane til dei mest aktuelle medaljehåpa til OL neste år, utanom handball-landslaga.
Inntekta på rundt 1,6 millionar kroner og formuen på nesten 3,2 millionar kroner har Blummenfelt bygd opp på ei blanding av premiepengar og sponsorar. Sigeren i den siste VM-runden i Lausanne gav han aleine ei utbetaling på 30.000 dollar (ca. 273.000 norske kroner).
Med det blir bergensaren mellom dei rikaste av dei individuelle utøvarane som skal kjempe for medalje i OL i Tokyo neste år.
Samanliknar ein med brørne Ingebrigtsen, har han tent langt meir i karriera. Henrik Ingebrigtsen har ifølgje tal frå skatteetaten ikkje formue, medan hans to brør Filip og Jakob til saman har ei formue på rundt 3,5 millionar kroner i 2018.
– Det er ikkje så viktig for meg. Eg trur nok dei også byrjar å få inn gode avtalar, og dei har kjempa hardt i mange år, seier Blummenfelt.
Pengar i fond
Minstemann Jakob hadde i fjor ei skattbar inntekt på rundt 46.000 kroner, som faktisk er under frikortgrensa på 55.000 kroner. Dette var året han vann sitt første EM-gull på 1500-meter og 5000-meter.
Filip tente 193.000 kroner, medan storebror Henrik kunne glede seg over ei inntekt på 428.000 kroner.
Gjert Ingebrigtsen forklarar tala mellom annan med at inntekter frå premiepengar blir sett inn i friidrettsforbundets idrettsfond. Desse inntenktene blir ikkje skatta for før dei blir tatt ut av fondet.
Brørne eig også saman med far 25 prosent kvar av selskapet Run Fast As. Ifølgje Dagens Næringsliv auka selskapet inntektene frå 940.000 til 1,8 millionar kroner. Det vart også tatt ut utbytte for to millionar kroner.
Warholm tenar mest
Størst inntekt i fjor, er det derimot den doble verdsmeisteren Karsten Warholm som har. I fjor sprang han inn over 3 millionar kroner. 23-åringen forsvarte i haust VM-tittelen frå to år tidlegare.
Den norske sandvolleyball-duoen Anders Mol og Christian Sørum er to andre med stor suksess. Dei har sidan august i fjor vore rangert som nummer ein i verda og vart også europameistrar i 2018.
Det har gitt pengar i kassa.
Dei to tente rundt 870.000 kroner i fjor, og har begge ein formue på nesten 1,4 millionar kroner.
– Blir ikkje rik av å ro
Men ikkje alle norske OL-håp har like mykje å rutta med, skal vi tru skattelistene. Svømmar Henrik Christiansen, som tok EM-sølv på 400 meter fri i Hangzhou i fjor, står oppført med beskjedne 3566 kroner i inntekt.
Roar Kristoffer Brun, bronsevinnar frå Rio-OL i 2016 saman med Are Strandli, har korkje inntekt eller formue frå fjoråret.
– Skal du tene deg rik, måtte du nok funne på noko anna. Det er ikkje så mykje premiepengar å hente i roing. Eg trur eg fekk hundre kroner ein gong, seier Brun med eit smil til NRK.
I tillegg til stipend jobbar han også litt som tømrar for å få det til å gå rundt.
– Men eg klagar ikkje, det kjem man ingen veg med. Det handlar mykje om medieeksponering, legg han til.