NRK Meny
Normal

OL-bassenget i Rio skifta farge

Rett før kvinnenes finale i synkronstuping skifta bassenget i Rio farge til grønt – ingen veit kvifor.

Rio Olympics Diving Women

FORSKJELL: To basseng, vegg i vegg, i ulik farge.

Foto: Matt Dunham / Ap

– Ermmm, kva skjedde?

Det var reaksjonen til briten Tom Daley, som tok bronsemedaljen i synkronstuping saman med Daniel Goodfellow måndag. Då var alt heilt normalt, men utan forvarsel skifta bassenget farge før kvinnenes finale tysdag.

Vatnet vart grønt.

Laster Twitter-innhold

BBC skriv at arrangøren gjorde testar av vatnet i bassenget, og fekk stadfesta at det ikkje var farleg. Men kva som gjorde at vatnet bytte farge er framleis eit mysterium, og det har blitt starta ei etterforsking.

Twitter var det mange som kom med forslag på kva som kunne vera årsaka, og nokon meinte OL-byen skulle bli meir miljøvenleg.

Laster Twitter-innhold

Her er eit utval med bilde frå bassenget:

Rio Olympics Diving Green Pool

KONTRAST: Bilde til venstre er tatt i går, medan bildet til høgre er tatt i dag,

Foto: Matt Dunham / Ap
Rio Olympics Diving Women

HELDT PÅ: Trass i den markante grønfargen, konkurransane gjekk sin gong.

Foto: Matt Dunham / Ap
OLYMPICS-RIO-DIVING-W-SYNCPLATFORM
Foto: MICHAEL DALDER / Reuters
OLYMPICS-RIO-DIVING-W-SYNCPLATFORM
Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
Toppserien: Klepp - LSK Kvinner
Toppserien: Klepp - LSK
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel