Hopp til innhold

Nytt problem skapar smerte for F1-sjåførane: – Uhaldbart

George Russell (24) avslørar at han fekk smerter både i brystet og i ryggen under helgas løp. Det er avdekka eit nytt problem, og den unge briten meiner det er uforsvarleg.

Emilia Romagna Grand Prix

PROBLEM: George Russel fekk store fysiske problem etter Grand Prix-løpet i Imola.

Foto: MASSIMO PINCA / Reuters

Viss du har sett på Formel 1 denne sesongen har du kanskje lagt merke til det.

Bilane susar nedover bana i kjend stil, men denne sesongen har eit nytt problem dukka opp. For medan bilane når hastigheiter opp mot 300 km/t, ristar både bilen og sjåføren aggressivt opp og ned.

«Porpoising» blir det kalla. Det skildrar korleis bilen sprett opp og ned etter kvart som marktrykket kjem og forsvinn.

– Dette er den første helga der eg har slite med ryggen, og nesten brystsmerter på grunn av den kraftige sprettinga. Men det er det vi må gjere for å få dei raskaste rundetidene ut av bilen, seier Russell til The Race.

Problemet dukka opp etter at dei nye reglane kom til denne sesongen, og har skapt trøbbel for fleire lag og sjåførar. Spesielt Mercedes, som meiner at sprettinga er grunnen til at dei har hengt langt etter dei beste laga til no i år.

Enkelt forklart skapar bilane enormt med marktrykk i høge hastigheiter, og dermed blir bilen trekt ned mot bakken. Til slutt dreg han så langt ned at marktrykket forsvinn, og dermed sprett bilen opp igjen. Denne syklusen gjentek seg gong på gong, og fører til at bilen sprett opp og ned.

– Mistar pusten

Etter sesongstarten sa Mercedes sin George Russell at sprettinga var ansvarleg for «99 prosent av problema til Mercedes».

Han fortel at det var på sitt mest ekstreme for sesongen i Imola denne helga. Russell har tidlegare kalla sprettinga eit tryggingsproblem for sjåførane, og meiner dei ikkje kan halde fram som no.

Australian Grand Prix

I SMERTAR: George Russell fekk smerter i både rygg og bryst på grunn av sprettinga.

Foto: LOREN ELLIOTT / Reuters

– Sprettinga gjer at du mister pusten, eg har aldri kjent det så ekstremt som no. Eg håpar vi, og alle laga som slit med dette, finn ei løysing, for det er uhaldbart for sjåførane å halde fram sånn, seier Russell.

Norske Pål Varhaug (31) har køyrt i forgjengarane til Formel 2 og 3, og meiner det må vere knalltøft for Russell og Hamilton i Mercedes-bilen.

– Det må vere ganske brutalt for dei. Det er mykje meir porposing enn vi har sett før. Du kan sjå at hovudet hoppar opp og ned, seier Varhaug.

Klarer ikkje sjå kva som er framfor dei

Han har sjølv støytt på liknande problem, men ikkje like kraftig, i tilfelle der han har fått bremsemerke på hjula. Han fortel at ein mister synet og får vondt i hovudet.

– Når det rister så kraftig, er det som at du eigentleg treng briller, men har mista dei. Du klarer ikkje sjå kva som skjer framfor deg. Du mister fokus, og du mister timing, seier Varhaug.

Pål Varhuag debuterte i GP2

– BRUTALT: Pål Varhaug, her frå då han debuterte i GP2, dåtidas Formel 2, i 2011.

Mercedes er heller ikkje dei einaste som har slite med at bilen sprett opp og ned i dei høgaste hastigheitene. Ferrari har hatt det same problemet, men Varhaug seier dei slepp billigare unna enn Mercedes på grunn av utforminga av bilen.

Mercedes har gått for ein smalare variant, medan Ferrari har store såkalla «sidepods» på bilen. Det gir betre balanse og støtte til golvet.

– Mercedes sin bil blir sogen altfor mykje ned, og så bremsar han og sprettar opp, seier Varhaug.

Siste nytt

  • Nicolai Budkov Kjær ute av Stockholm Open

    Nicolai Budkov Kjær (19) viste gode takter selv om det ble umiddelbar exit mot tennisprofilen Marin Cilic i Stockholm Open.

    Bygdøy-mannen tapte 1.-rundeoppgjøret med settsifrene 5-7, 3-6. På veien hadde han mye godt backhandspill, men greide ikke å stoppe rutinerte Cilic.

    Nylig vant unggutten sin fjerde tittel på challenger-nivå, nivået under ATP. Han er for tiden oppe på 136.-plass på verdensrankingen.

    – Han har spilt kjempegodt i det siste. Han er på vei mot topp 100, sa tennisekspert og -kommentator Christer Francke til NTB tidligere i måneden.

    Cilic møter Casper Ruud i neste runde av den svenske hardcourtturneringen. 37 år gamle Cilic vant US Open i 2014 og har 21 titler på ATP-touren.

    (NTB)

    Nicolai Budkov Kjær
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Brasil-kollaps i Tokyo

    Carlo Ancelotti har kun vunnet tre av sine seks første kamper som Brasils landslagssjef. Tirsdag ble det 2-3-tap for Japan.

    Det skjedde etter en mektig snuoperasjon av vertene, som lå under 0-2 til pause. Seieren var Japans første over Brasil på 14 forsøk.

    Paulo Henrique ga brasilianerne ledelsen med et kraftfullt skudd etter 26 minutter, mens Arsenal-profilen Gabriel Martinelli doblet den kort tid etter.

    Etter hvilen reduserte Takumi Minamino tidlig, og lagene var like langt da Keito Nakamura fikset 2-2 etter en drøy time. Ayase Ueda scoret vinnermålet på et kontant hodestøt.

    Ancelotti tok over som Brasil-trener i sommer. Italieneren åpnet med 0-0 mot Ecuador og tapte senere mot Bolivia. Hans tre første seirer kom mot Paraguay, Chile og Sør-Korea.

    – Vi må lære av feilene vi gjorde i 2. omgang. Det største problemet var at vi ikke hadde en god reaksjon på den første feilen, sa Ancelotti etter smellen i Tokyo.

    (NTB)

    Matheus Cunha
    Foto: AFP
  • Brann-spiller får debuten – disse starter for Norge mot New Zealand

    Flere av Norges største profiler har dratt hjem grunnet et hektisk kampprogram.

    Det gjør at Ståle Solbakken gjør sju endringer fra helgens kamp mot Israel.

    Blant spillerne i kampelleveren mot New Zealand er Brann-spiller Eivind Helland, som nå får sin debut for det norske A-landslaget.

    Slik starter Norge:

    Ørjan Håskjold Nyland – Marcus Holmgren Pedersen, Andreas Hanche-Olsen, Eivind Helland, David Møller Wolfe – Oscar Bobb, Patrick Berg, Thelo Aasgaard – Aron Dønnum, Jørgen Strand Larsen, Andreas Schjelderup

    I både Martin Ødegaards og Erling Braut Haalands fravær, er det Patrick Berg som bærer kapteinsbindet.

    Slik starter New Zealand:

    Alex Paulsen - Tim Payne, Finn Surman, Michael Boxall, Francis de Vries – Ryan Thomas, Marko Stamenic – Matthew Garbett, Sarpreet Singh, Ben Old – Chris Wood

    Oppgjøret på Ullevaal starter klokken 18.00. Du kan høre kampen i NRK Radio.

    En gruppe menn i sportsuniformer på en bane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal