Siste nytt

  • Arsenal slo tilbake

    Arsenal såg lenge ut til å gå på ein kjempesmell i første kamp i europaligaen mot Rapid Wien. Fountas gav gjestane ein kalddusj tidleg i 2. omgang.

    20 minutt seinare utlikna David Luiz for gruppefavoritten, og fire minutt seinare sørga Aubameyang for full pott for Arsenal.

    Arsenal og Molde toppar dermed gruppa etter første runde med like mange poeng.

    Football: Europa League - 1st round day 1: Group B Rapid Wien (AUT) v Arsenal (ENG)
    Foto: Joe Klamar / AFP
  • Etterlengta siger til Oilers

    Stavanger Oilers kunne juble etter å ha vunne 5–4 over Sparta i eliteserien i ishockey torsdag. Sigeren er den andre på fem kampar for rogalendingane.

    Det var likevel gjestane som kom best i gang og tok leiinga og utlikna to gonger i kampen. Men det heldt til slutt for Oilers.

    Stavanger Oilers - Sparta
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Wales knuste Færøyane

    Wales banka Færøyane 4-0, det betyr at Norge framleis ikkje er heilt klare for fotball-EM i 2022.

    Helen Ward scora før pause, og Natasha Harding (2) og Lily Woodham i 2. omgang. Wales var knusande overlegne, og hadde 17 skot mot mål. Færøyane hadde ingen.

    Wales er på andreplass i gruppa, fire poeng bak Norge. Laga møtest i Wales tysdag, og med minst uavgjort der er Norge EM-klar.

    Wales-supporter
    Foto: Andrew Boyers / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal