Dei norske utøvarane skal gå med denne skidressen under OL i Sotsji.
– Perfekt passform
Maiken Caspersen Falla er særleg nøgd med plasseringa av flagget.
– Eg synest den verkar veldig fin. Iført den gamle drakta var ein klar for å verta heist opp i flaggstonga. Med denne er flagget mindre brukt – det likar eg.
– Dressen er svært bra! Perfekt passform og fantastisk å gå på ski med, seier Rønning.
Vossingen Sjur Røthe verkar å vera meir imponert over bileta til Rønning.
– Instagrambileta til Eldar er som vanleg artige. Eg synest drakta er ok.
Ljos for å reflektera varmen
Årets dress er ei vidareføring av den som vart laga til fjorårets VM i Val di Fiemme. Men ein kan tydeleg sjå éi endring – at den er langt meir kvit enn vanleg.
Ein av tankane bak dressen, er varmen som kan oppstå i Sotsji.
– Hovudgrunnen til dei ljose flatene er for å reflektera varmen. Me har teke høgde for at det kan verta ganske varmt i Sotsji – sola tek mykje. Me har laga ein dress som er endå meir ventilerande enn tidlegare, fortel produktsjef tekstil i Swix, Atle Bjerkli.
Bjerkli påpeikar at målet heile tida er å sjå norsk ut.
– Det skal vera tydeleg kva land ein kjem frå.