Ingen kunne hamle opp med norske Olav Lundanes på dagens landistanseløp. Med gullet kopierer han bedrifta frå VM i 2010.
I kvinneklassen kjempa superveteranen Anne Margrethe Hausken Nordberg seg til bronsemedaljen.
Overtok trona
Franske Thierry Gueorgiou har vunne langdistanseløpet i VM dei siste tre åra, men i dag måtte han gje tapt for ein nordmann.
Olav Lundanes kom i mål 1.46 før Guergiou, og velta med det franskmannen ned frå langdistanse-trona. Likevel ser nordmannen forbedringspotensiale.
– Eg syns eg gjorde det veldig bra. Rg gjorde ein liten feil, elles har det gått veldig bra.
Lundanes er også godt nøgd med løypa i dei svenske skogane.
– Det var mykje lyng og tunge myrer, men det passar meg bra.
Alle dei norske kom inn på topp seks, og leverte ein solid laginnsats.
Taktisk vegval
I kvinneløpet var det heimefavoritten Tove Alexandersson som tok gullet.
Men medan Alexandersson og resten av favorittane brukte mykje tid i tunge myrområde, valde sølvvinnar Natalie Gemperle eit lettare vegval med mykje springing på grus. Det tente ho over minuttet på til dei næraste konkurrentane.
Då NRKs journalist fortalde om det lure vegvalet til Gemperle, blei bronsevinnar Anne Margrethe Hausken Nordberg overraska.
– Tullar du? Var det den beste vegen?
Sjølv om Hausken Nordberg var to minuttar bak vinnaren, og halvanna minutt bak nummer to i mål, kan det har vore utslagsgivande for valøren på medaljen Hausken fekk i dag.
– Eg prøvde å sjå etter ein enkel løysing, eg var redd for å gå glipp av eit opplagt vegval.
Lang merittliste
Dette er den 11. medaljen til Hausken i VM. Dette er hennar tredje bronse, men hennar første medalje i langdistanseløp. Hausken forklarar at det er ekstra utfordrande med so lange løp.
– Ein veit ingenting undervegs.
Men trass utfordringar undervegs, er det ei veldig glad dame frå Haugesund som blir intervjua rett før blomsterseremonien.
– No er eg veldig nøgd.