Hopp til innhold

Ny golfbragd av Viktor Hovland: – Det er så utruleg sterkt

Hovland kapra ny topplassering i kamp med heile verdseliten.

Viktor Hovland

STERKT: Viktor Hovland er stabil på svært høgt plan, og henta ei ny plassering heilt i toppen i Florida denne helga

Foto: Mike Watters / Reuters

Turneringa i Bradenton er ei av fire i World Golf Championship, og berre dei 72 beste i verda får vere med. Vinnaren får 1,82 millionar dollar.

– Det var ein bra dag. Eg kom ut med ein bra start og det var eigentleg alt eg hadde lyst på i dag, seier Hovland i eit intervju med PGA, gjeve att av Eurosport.

Han var nummer sju etter dei tre første rundane. Etter 13 hol søndag hadde han spela seg heilt opp i ryggen på leiaren Collin Morikawa. Men det glapp litt på slutten, og Hovland avslutta sin runde med delt andreplass med Billy Horschel og Brooks Koepka, 15 slag under par.

– Litt surt er det med dei puttane på hol 14, 15 og 16. Men elles så spelar eg veldig bra, seier Hovland.

Som eit resultat av dei gode prestasjonane i turneringa, så klatrar Hovland opp ein plass på verdsrankingen. Han går frå 14. til 13.-plass på rankinga, noko som er hans nest beste plassering i karrieren. I slutten av januar var han ranket som nummer 12.

Utruleg sterkt

Trass i ein svært god sisterunde greidde han ikkje å hente inn leiinga som Morikawa hadde skaffa seg.

– Sjølv om det ikkje heldt heilt inn, er det utruleg sterkt det Hovland gjer. Dette er ei turnering der han møter alle dei beste, og å kome så høgt er fantastisk. Dette er «kremen av kremen» som deltar, seier Øyvind Rojahn, sportssjef i Noregs Golfforbund.

Viktor Hovland

DRIVE: Hovland under turneringa i Bradenton.

Foto: Mike Ehrmann / AFP

– Hovland er så utruleg stabil også. Han spelar på toppnivå i turnering etter turnering, seier Rojahn.

Andreplass i turneringa gir 1,15 millionar dollar, eller nesten 10 millionar kroner, om ein får plassen åleine. Sidan Hovland deler plassen med Koepka og Horschel blir premien på 6,78 millionar kroner.

I fjor var ikkje Hovland høgt nok oppe på rankinga til å få vere med i denne turneringa. Men sidan det har han vunne to PGA-turneringar og spela seg heilt fram til 14.-plassen på verdsrankinga. I år var han inne i turneringa med god margin.

– Han er så god at vi kanskje er i ferd med å byggje opp for store forventningar til at han skal levere på toppnivå kvar einaste gong, seier Rojahn.

Leverte frå øvste hylle

Ein kan kanskje seie at det var fredag kveld han eigentleg tapte turneringa. Han var på veg mot ein runde på sju slag under par. Så rota han det skikkeleg til på det aller siste holet, og fekk ein kvadruppel-bogey. Han brukte åtte slag på eit par 4-hol.

Men elles leverte han golf frå aller øvste hylle. Sjølv om han starta forsiktig med eitt under par første runde. Fredagsrunden enda på tre under par, sjølv med den gigantiske missen på siste holet.

Laurdag slo han sterkt tilbake. Han gjekk runden på seks slag under par. Søndag opna han med to birdiar, og var med i tetkampen. Han kraup nærmare og nærmare teten. Han fekk ein bogey på hol seks, men slo tilbake med tre strake birdiar.

Viktor Hovland

SURT: Puttane på hol 14, 15 og 16 irriterer Hovland

Foto: Mike Ehrmann / AFP

Birdiar blei det også på 12 og 13, og då var han på andreplass, berre eitt slag bak Morikawa.

Så kom tilbakeslaga med bogey på hol 14 og 16, og han fall ned på fjerdeplassen. Spesielt irriterande var nok missen på ein kort putt på hol 16.

Men nok ein gong viste Hovland styrke. Hol 17 gav ny birdie, og Hovland var tilbake på andreplassen. Han avslutta med par, og fem slag under par på runden, 15 under par totalt.

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP
  • Elleville overtidsminutter da Odd reddet uavgjort

    Tre sene scoringer sørget for 3-3 mellom Odd og Viking i Skien.

    Viking-kaptein Zlatko Tripic trodde han hadde avgjort det hele da han scoret fire minutter på overtid. Men Odd ville det annerledes. Mikael Norø Ingebrigtsen scoret seks minutter på overtid og reddet ett poeng for hjemmelaget.

    Harald Tangen Nilsen scoret kampens første mål etter 25 minutter. Kun ti minutter senere var kampen snudd. Først med et skudd fra Odds Tobias Svendsen via en Viking-spiller og i mål, så med en ny fulltreffer fra sammen mann etter en pasning ut 45 grader og inn i feltet.

    Viking presset på for utligning i andreomgang, og lyktes fire minutter før fulltid med et skudd fra Peter Christiansen.

    Så scoret Tripic etter et godt forarbeid fra Lars-Jørgen Salvesen, før Ingebrigtsen ga Odd ett poeng med et vakkert skudd.

    Odd ble i tillegg redusert til ti mann like før Ingebrigtsen 3-3-utligning, da Mihajlo Ivancevic fikk sitt andre gule kort på overtid.

    Hjemmelaget befinner seg dermed på 8. plass, med Viking to plasser bak etter henholdsvis seks og fem spilte kamper.

    Viking
    Foto: NTB
  • PSG ble seriemester uten å spille – Monaco-tap sørget for titteljubel

    Paris Saint-Germain kunne søndag juble for sitt tolvte seriegull og sitt tredje strake. Tittelen ble sikret etter Monacos 2-3-tap mot Lyon.

    Premissene før søndagens duell i Lyon var klare. Monaco måtte vinne for å forlenge håpet om å ta igjen PSG på tabelltopp.

    Det greide de ikke, og dermed er PSG seriemestere igjen. PSG kunne selv sikre seriegullet lørdag, men 3-3 mot Le Havre førte til at de måtte vente til søndag.

    PSG har vunnet ligaen seks av sju siste årene. Lille i 2021/22 var unntaket. Ingen har flere ligatitler enn PSG, der Marseille og Saint-Étienne er nærmest med sine ti.

    Mye av æren for PSGs seriegull skal gullkalven Kylian Mbappé ha. Spissen har scoret 26 mål, noe som er ni flere enn Lille-spiller Jonathan David. (NTB)

    PSG
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal