Hopp til innhold

Ny forsking: Verdseliten spelar dårlegare etter koronautbrotet

Dei beste spelarane i verda gjer større feil når sjakkbrikkene blir bytte ut med datamus, viser ny forsking. Pappa Henrik Carlsen synest det er interessant, men stussar over fleire ting.

Magnus Carlsen

BEST I VERDA: Magnus Carlsen, her frå VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Forskarar ved Universitetet i Rotterdam og Maastricht har gått gjennom 441 parti og 27.267 sjakktrekk frå dei beste spelarane i verda. Resultata viser at spelarane gjer større feil no enn før.

– Eg er ikkje overraska, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.

Atle Grønn

EKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Sløvare på nett

Koronautbrotet gjorde at alle sjakkturneringane i verda vart avlyste, og dei beste spelarane i verda har i staden spelt turneringar på nettet heimanfrå. Forskingsrapporten, gitt ut av IZA – Institute of Labor Economics, viser at spelarane gjer omtrent like mange feil, men feila er 16,8 prosent større på nett.

– Eg er ikkje overraska. Det er ei heilt anna kjensle å sitje ved brettet, heime kan det vere ein del forstyrringar. På brettet føler du ein annan seriøsitet og det blir meir intenst, seier Aryan Tari, Noregs nest beste sjakkspelar.

– Det er ikkje like seriøst på nettet. Det er mykje gøyare i verkelegheita. Du kan sjå reaksjonane til motstandaren og ein kan bløffe, seier nummer tre i Noreg, Johan Sebastian Christiansen.

Christiansen har allereie spelt ei internasjonal sjakkturnering på Kreta i sommar. Der spelte dei med munnbind og brikkene blei desinfiserte etter kvart parti.

Aryan Tari

NEST BEST I NOREG: Aryan Tari.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Tari og Christiansen får støtte av Atle Grønn.

– Når du sit ved brettet og har motstandaren framføre deg er det veldig skjerpande. Du må prestere fordi du ser han fysisk, og det er folk rundt som følgjer partiet. Du må vere på vakt heile tida, seier Grønn.

– På nettet blir du sløv av at du er din eigen herre i di eiga verd. Du er ikkje like observant.

– Hadde vore mindre feil på brettet

Dei 441 partia er henta frå VM i hurtigsjakk frå 2015 til 2019. Resultata er samanlikna med Magnus Carlsen Invitational, ein turneringsserie som har gått på nett i sommar.

Trekka blir vurderte av sjakkcomputeren Stockfish 11, og resultata frå brettsjakk var langt betre. Aryan Tari har lagt merke til store feil i netturneringane som har gått i det siste.

– Eg er sikker på at det hadde vore mindre feil viss det var vanleg sjakk, seier Tari.

Magnus Carlsens far, Henrik Carlsen, trur mange sjakkspelarar vil ha interesse av forskinga, men stussar over fleire ting.

Mellom anna påpeikar han at det har vore fleire spesielle situasjonar der nokre parti på nett har vore utan betydning, medan andre gonger er spelarane nøydde til å vinne for å gå vidare.

– Ein spelar som må vinne gjer ofte feil med vilje, også betydelege feil, for å skape gevinstmoglegheiter. I brettsjakk ser vi dette berre eventuelt i siste runde i hurtig-VM, seier Henrik Carlsen.

Magnus Carlsen og Henrik Carlsen

STUSSAR: Henrik Carlsen, her avbilda saman med sonen under VM i hurtigsjakk i Moskva i fjor.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Vil sjå meir data

Han trekkjer òg fram eit døme der Magnus Carlsen tapte 1–3 mot Ding Liren, ein kamp som ikkje hadde betydning fordi Carlsen allereie var kvalifisert til semifinalen.

Pappa Carlsen skulle gjerne sett meir detaljert informasjon om spelarane.

– Det ville vere interessant å sjå data for den enkelte spelaren. Kanskje er det meste av kvalitetsforverringa knytt til nokre få spelarar.

Han tek òg fram feilklikk som ei mogleg feilkjelde, men trur ikkje det har vore mange av dei under nett-turneringane i sommar.

Mindre effektive på heimekontor?

Sjakk vart brukt som eksempelstudie for å undersøkje prestasjonane på heimekontor. For å finne ut av effektiviteten, brukte forskarane VM i hurtigsjakk og Magnus Carlsen Invitational, der tidskontrollen er lik og pengepremiane er like store.

Forskarane meiner resultata frå sjakken kan overførast til millionar av heimekontor verda rundt.

Hjemmekontor (Illustrasjonsbilde)

MINDRE EFFEKTIV? Forskarane meiner resultata antydar at overgangen til heimekontor kan ha negativ effekt.

Foto: Thomas Brun / Thomas Brun

– Resultata våre antydar at overgang til heimekontor kan ha negativ effekt på innsatsen til arbeidarane, skriv forskarane i konklusjonen.

Deretter påpeikar dei at sjakkspelarane kan tilpasse seg til å spele på nett, og at arbeidarar kan tilpasse seg til heimekontor.

– Det står att å undersøkje om dette er forbigåande eller permanent. Folk kan tilpasse seg til å løyse oppgåver på nett på lang sikt.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal