Fotball Media har inngått ein avtale med TV 2 om rettane til norsk fotball frå 2023 til 2028. Det er ein avtale som inneber Eliteserien, Toppserien, NM og 1. divisjon for herrar og kvinner.
NRK er med på den avtala, som samarbeidspartnar. Det betyr i praksis at NRK vidarefører si satsing på norsk fotball.
– Vi er veldig glade for at vi framleis skal vere med å bringe store fotballaugeblikk vidare til vårt publikum. Eg er spesielt glad for å kunne løfte kvinnefotballen vidare, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.
FORNØGD: Eriksen ser fram til å utvikle kvinnefotball og cupen vidare saman med TV 2, Toppfotball kvinnre og fotballforbundet.
Foto: Emil H. Indsetviken / NRKNRK skal hovudsakleg få rett til å sende Toppserien og NM for herrar og kvinner.
– NRK skal fortsette å løfte kvinnefotballen, og det er vi veldig takknemlege for. Vi kjem tilbake til endeleg fordeling, men vi vil vere ein særs viktig leverandør av norsk kvinnefotball, seier sportsredaktør Egil Sundvor.
Får norsk fotball tilbake
Telenor/Altibox presenterte sitt konsept for fotballeiinga 4. desember. Etter møtet sikra TV 2 seg ei eksklusiv forhandlingsrett med Fotball Media, og no har TV 2 kjøpt norsk fotball for eit samla beløp på 4,5 milliardar kroner.
– Vi er særs fornøgde med det tilbodet TV 2 har levert og den kommersielle verdien som er sett på norsk fotball i denne avtala, seier president Terje Svendsen i Noregs Fotballforbund i pressemeldinga.
NRK si avtale med TV 2 poengterer at NRK kan fortsette å sende dei store arrangementa.
– Den inneber at vi framleis kan sende dei store fotballarrangementa. Vi elskar noregsmeisterskap for både kvinner og menn, som kronast med cupfinale. Dette inneber at vi skal vere gode på nyhendene om fotballen og Eliteserien, seier Eriksen.
TV 2 får dermed tilbake norsk fotball på sine kanalar, etter å ha mista det til Discovery i perioden 2017 til 2022.
– Norsk fotball er den største krafta i norsk idrett, og samlar store delar av det norske publikum i glede, draumar og fellesskap. Vi er både glade og audmjuke for at vi saman med fotball og samarbeidspartnarar får moglegheita til å utvikle norsk fotball frå 2023, seier administrerande direktør og sjefredaktør Olav T. Sandnes i TV 2.
JUBEL: Bodø/Glimt vann årets Eliteserie overlegent. Frå 2023 vil kampane bli sendt på TV 2.
Foto: Kent Even GrundstadGodt samarbeid
Frå før samarbeider TV 2 og NRK om rettigheitene til fotball-EM for herrar i 2021, EM i fotball for kvinner i 2022, og fotball-VM for herrar i Qatar i 2022.
– Eg trur dei fleste i Noreg har fått med seg at samarbeidet mellom TV 2 og NRK har vore usedvanleg godt. At vi saman klarar å løfte store meisterskap, syns vi er verdt å vidareføre, sa Sandnes til TV 2 den gong.
Tidlegare i haust sikra NRK og TV 2 seg enda fleire rettigheiter i meisterskap. Kanalane skal samarbeide om EM for herrar i Tyskland i 2024 og EM i 2028.
– Det er ein knalltøff konkurranse om dei mest attraktive rettane til sport, og då er det ekstra gledeleg å få ein slik avtale i hamn. Denne avtalen sikrar at NRK framleis kan samle og engasjere publikum rundt de største fotball-meisterskapa i mange år framover, sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.
TETT DIALOG: Olav Sandnes og Thor Gjermund Eriksen.
Foto: Jan-Petter Dahl / TV 2I tillegg har TV 2 kjøpt rettigheitene til å vise EM-kvaliken og UEFA Nations League frå 2022 til 2028.
Dei har òg andre rettigheiter som inkluderer UEFA Champions League til 2024, La Liga til 2026, Premier League til 2022 og UEFA Europa League til 2021.
Les også: