Hopp til innhold

NRK-kommentator meiner cupfesten blir nedprioritert – blir avfeia som idiotisk påstand

NRK-kommentator Jan Petter Saltvedt meiner cupfinalen blir sendt på eit meiningslaust tidspunkt. Den påstanden fell ikkje i god jord hos Hege Jørgensen i Toppfotball Kvinner.

NM-fotball, cupfinale kvinner 2020: LSK kvinner - Vålerenga

GULL OG GLITTER: Vålerenga sikra cupgullet ei veke etter seriegullet i fjor. Kampen vart spelt 13. desember på grunn av koronatilpassingar. No tek hovudtrenar Jack Majgaard Jensen til orde for at finalen burde vore spelt etter serien var avslutta.

Foto: Jil Yngland / NTB

– Det er éin cupfinale, i år som i fjor. Den bør få stå som eit ordentleg høgdepunkt. Det er eit unikt høve til å gi viktige kampar for kvinner ei hovudrolle. I staden gir ein cupfinalen ei ganske så meiningslaus plassering, klistra så tett på landslagspausen at mange av dei beste spelarane ikkje får moglegheit til å førebu seg skikkeleg, seier NRK-kommentator Jan Petter Saltvedt.

Football, Toppserien, Vålerenga - LSK Kvinner

VIF-FORSVARAR: Catherine Bott.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Cupfinalen mellom Vålerenga og Sandviken blir spelt fem dagar etter Noreg sin landskamp mot Belgia. Då NRK møter newzealandske Catherine Bott på treninga på fredag, er ho framleis døgnvill. Natt til onsdag spelte ho kamp i Canada.

– Timinga er uheldig. Det er tøft å komme tilbake frå ei reise på 15–20 timar og spele ein kamp tre dagar seinare som potensielt kan vare i 120 minutt, seier Vålerenga-forsvararen til NRK.

Bott er samstundes oppteken av at det ikkje skal bli ei unnskyldning inn mot finalen. Sandviken sendte ni spelarar på landslagsoppdrag, medan Vålerenga sendte elleve.

Toppserien i fotball 2021: Vålerenga - LSK Kvinner (2-1)

VIF-KAPTEIN: Dansk landslagsspelar Stine Ballisager Pedersen.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Det kunne godt vore tilrettelagt betre slik at vi kunne fått endå betre førebuingar inn mot cupfinalen. Det er stort å spele cupfinale, seier VIF-kaptein Stine Ballisager Pedersen.

– Ein smule merkeleg

Fredag var første gong Vålerenga-laget trena samla før kampen på søndag. Planen er endå ei økt laurdag for å få unnagjort dei siste førebuingane.

– Det er litt spesielt. Eg hadde nok ønskt at ein fekk førebu seg ei veke inn mot kampen med friske spelarar. Då trur eg kvaliteten på kampen ville vorte betre, seier Vålerenga-trenar Jack Majgaard Jensen.

NM-semifinale 2021: Vålerenga - Rosenborg kvinner

VÅLERENGA-TRENAR: Jack Majgaard Jensen.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Når ein legg til sjukdom og mindre skadar, har det vore glissent på treningsfeltet dei siste dagane. Dansken har sjølv opphalde seg heime i Sverige.

– Eg synest òg det er ein smule merkeleg overfor dei andre laga. Hadde han vore spelt etter serien, ville dei kunne teke ferie. No har dei ein ganske lang periode med landslagspause og så er det eit opphald no. Så det handlar litt om respekt for dei andre, så han burde nok vore lagt til etter serien.

Det står att to rundar av Toppserien. Dei blir høvesvis spelte søndag 7. og laurdag 13. november.

Avfeiar påstand: – Idiotisk

Den danske trenaren får støtte frå NRK-kommentator Saltvedt. Han foreslår at cupfinalen kunne vorte lagt til 20. november.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt. Foto: ALEM ZEBIZ / NRK

NRK-KOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: ALEM ZEBIZ / NRK

– Tendensen frå NFF og Toppfotball Kvinner dei siste åra har vore å nedprioritere cupfinalen til fordel for serieavslutninga. Men for kvinnene har cupfinalen i endå sterkare grad enn hos mennene behalde statusen sin som høgdepunkt. Derfor skulle han vore lagt til slutt, etter at serien er over, seier Saltvedt.

– Vi nedprioriterer ikkje cupen. Det er ein heilt idiotisk påstand. Det er festhelga vår og eit høgdepunkt i sesongen. Men vi må òg tore å tenkje nytt. Vi gler oss til å setje oss ned og sjå på korleis vi best mogleg kan vidareutvikle cupen dei neste åra, seier Hege Jørgensen i Toppfotball Kvinner.

Ho fortel at det vart sett ned eit terminlisteutval saman med Noregs Fotballforbund (NFF) før sesongen på vegner av klubbane.

Hege Jørgensen
Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

– Klubbane har med andre ord sjølv vore med på å bestemme oppsettet. Det har vore ein god prosess og vi kjenner oss høyrt av forbundet undervegs. På grunn av koronasituasjonen kom sesongen seint i gang, noko som jo har gjort ting ekstra komplisert. Det medfører nødvendigvis nokre fleire kompromiss, seier Jørgensen – og legg til at Vålerenga sjølv har ytra ønske om at sesongen ikkje skal dra ut for langt.

NFF: – Heilskapsvurdering

Konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn, er samd i at tidspunktet ikkje er ideelt og at timinga er uheldig. Han forklarer det slik:

– Det går på ei heilskapsvurdering med tanke på tilgjengelegheit av Ullevaal stadion, under dette er den pågåande VM-kvalifiseringa og lange internasjonale periodar i oktober og november. Det vart òg teke høgde for eventuell deltaking i meisterligaen då planen vart lagd.

– Saltvedt meiner til dømes den 20. november kunne vore ein ideell dato, kvifor er ikkje det mogleg?

– Etter planen kunne vi hatt eit lag i meisterligaen på det tidspunktet. Vi tek høgde for alle slike eventualitetar i planlegginga. Både på kvinne- og herresida legg vi terminlister ut frå gitte føresetnader.

– Sit det langt inne å endre tidspunktet på cupfinalen i ettertid?

– Ja, det gjer det. Det er eit stort apparat som er i sving i samband med slike arrangement.

– Har de prioritert seriefinalen over cupfinalen?

– Nei, dei har ikkje vore diskuterte opp mot kvarandre då vi la ein plan for sesongen.

  • Cupfinalen mellom Sandviken og Vålerenga blir vist på NRK 1, søndag klokka 15.00. Sendinga startar 14.30.

Siste nytt

  • Gjert Ingebrigtsen-elev slo Jakob Ingebrigtsen-rekord

    José Carlos Pinto slo rekorden til Jakob Ingebrigtsen med ett sekund i gateløpet Hytteplanmila lørdag.

    Portugiseren, som trenes av Gjert Ingebrigtsen, vant det ti kilometer lange løpet på Ringerike med tiden 27.53. Jakob Ingebrigtsens rekord fra 2019 var 27.54.

    Treningskamerat Narve Gilje Nordås har vunnet de siste fire utgavene av Hytteplanmila - men måtte se seg slått av Pinto. Nordås ble nummer to, 33 sekunder bak portugiseren.

    en person som løper i et løp
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Tenniskomet får kjempesjanse – møter stjerner i Wien

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) går rett inn i hovedrunden i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Det får NTB opplyst av Kjærs far Alexander.

    Kjær skulle egentlig spilt i kvalifiseringen til turneringen, men har fått wildcardet som den italienske stjernen Matteo Berrettini i utgangspunktet hadde.

    (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • Viking-kaptein Zlatko Tripic reiste ikke med troppen til Tromsø – venter barn

    Serieleder Viking kan se ut til å måtte klare seg uten Zlatko Tripic i den viktige kampen mot Tromsø, melder Stavanger Aftenblad.

    32 år gamle Tripic var nemlig ikke til stede da laget møttes lørdag formiddag og startet på reisen mot Tromsø, opplyser Viking-trener Morten Jensen til Aftenbladet.

    Avisen skriver at konas termin er i neste uke.

    – Vi er jo obs på at den kampen kommer når den gjør. Men vi får ta en vurdering når det nærmer seg, jeg tenker ikke på det akkurat nå. Fødsel har førsteprioritet. Så får vi se hvilke alternativer og muligheter som finnes hvis det skulle skje tett på hverandre, sa Tripic til Aftenbladet sist uke.

    Tripic og kona Anette Hovland har fra før sønnen Luka (2).

    Kampstart mot Tromsø er søndag klokken 14.30.

    (NTB)

    Tripic
    Foto: Fredrik Hagen

Sendeplan

Kl. Program Kanal