Hopp til innhold

Northug roper varsku om dyr barneidrett: – Nærmar oss ei krise

Stadig fleire slit med å betale for idrettsaktivitetane til ungane. Petter Northug ser svært dystert på situasjonen.

Petter Northug

ØKONOMISK KAMP: Petter Northug synest det er ein vanskeleg situasjon at fleire barn fell utanom idretten på grunn av økonomi.

Foto: Martin Leigland

– Det skal ikkje vere sånn at ein held barn unna idretten på grunn av økonomi. Då synest eg nesten vi nærmar oss ei krise, seier Petter Northug til NRK.

Northug er til liks med den tidlegare lagkameraten sin Sjur Røthe bekymra for trenden som er på full fart innover norske idrettslag i desse dagar.

Ei kartlegging NRK gjorde tidlegare i mai viste at det no er ein auke av familiar som slit med å betale for idrettsaktivitetane til barna.

I ei slik dyrtid vi er inne i no, kan det ofte bli idretten som blir vald bort når desse familiane skal spare pengar.

Klubbleiarar frå rundt omkring i landet fortel NRK at dei merkar at fleire har problem med å betale medlemskontingentar og treningsavgifter, og derfor vel bort idretten.

Les også Røthe bekymret for barneidretten: – Jeg får litt vondt i magen

Menn Elite Allround på pressetreff

Northug minnest då han sjølv var 14–15 år og såg jamaldra komme på skirenn med store skiparkar.

Sjølv måtte han nøye seg med to par.

– Økonomien i familien min var sånn at det var to par ski som var mogleg på den tida, seier han.

Er det for dyrt for barn å delta på idrett i Norge?

Og den meritterte skiløparen ser at pila har peika feil veg.

– Det har vorte litt utstyrsjag i langrenn. Og utstyret har vorte mykje dyrare. Det har vorte sko, stavar, ski, og alt som følgjer med. Då blir det ein økonomisk kamp for å vere med på dette køyret, dessverre, seier han.

Det er ikkje sånn ein vil at det skal vere. Idrett skal vere artig og inkluderande. Det skal vere barneleik heilt fram til ein er junior, legg han til.

Bekymra

Oslo Idrettskrets ser også ein tendens om at fleire familiar ikkje har råd til å sende barna sine på trening.

No har dei spelt inn eit forslag til idrettstinget førstkommande helg. Dei meiner at særidrettane må sjå heilt konkret på reelle utgifter knytte til barneidretten for å dempe profesjonalisering i tidleg alder.

Særidrettane må gå inn og sjå på eigen aktivitet og sjå på kva nivå eigen aktivitet ligg på ved å gjere det tydeleg i eigen organisasjon. Kva aktivitetsnivå skal 6-åringar ha? Kva treng 10-åringar? Kva treng 14-åringar? Desse tinga må særforbunda ta eit eigarforhold til, seier Marcela Bustos, styreleiar i Oslo Idrettskrets.

Marcela Bustos ønsker å dempe en pris-gallop i i norsk barne- og ungdomsidrett.

KREV KONKRETE TILTAK: Styreleiar i Oslo Idrettskrets Marcela Bustos.

Dyre straumprisar og høge renter har ført til at det har vorte mykje trongare for fleire hushald. Det viser seg også i idretten, der det på langt nær er ein idrett for alle, påpeikar Bustos.

– Sånn det fungerer i dag, med ein prisgalopp som eskalerer, så er det etter kvart sånn at vi ikkje snakkar om idrettsglede for alle. Det er idrettsglede for dei som har råd til å vere med å betale.

Samd i forslaget

Marco Elsafadi i Noregs idrettsforbund meiner til liks med Oslo Idrettskrets at idretten er i ferd med å prise seg ut. Han meiner forslaget frå Oslo Idrettskrets er bra på fleire måtar.

Marco Elsafadi

TRENG KUNNSKAP: Marco Elsafadi styremedlem i Noregs idrettsforbund meiner vi treng meir kunnskap om økonomiske barrierar i idretten.

Foto: Ola Hana

Både fordi ein får meir kunnskap om kva heilt konkret denne seksåringen som speler basket, kontra handball, kontra ishockey, treng. Og så vil ein sjå dei store prisforskjellane, der vi lettare kan gå inn og setje inn kirurgiske tiltak for å hjelpe til med å få ned dei økonomiske barrierane i dei ulike idrettane, seier han til NRK.

Men det kan også synleggjere internt i idretten kven som er verstingane når det gjeld økonomiske barrierar. Eg tenkjer det i seg sjølv kan skape eit medvit og eit press på det særforbundet som faktisk må ta sitt ansvar på alvor. Vi veit litt, men vi veit ikkje nok.

Klubbane må vere tydelegare

Northug meiner klubbane må bli flinkare til å presisere at det finst utstyr å kjøpe brukt. Det finst også utstyr ein kan låne.

Petter Northug

TRENG IKKJE DET BESTE UTSTYRET: Petter Northug meiner idrett skal vere leik og moro fram til junioralder.

Foto: Martin Leigland / NRK

– Ein må ikkje føle at ungane dine skal ha det beste utstyret for å ta del i ei gruppe der kanskje andre har betre utstyr. Forklar dei heller situasjonen. Sånn er det. Idrett skal vere leik og moro. Sjå på andre idrettsstjerner som faktisk seier kor viktig leik og moro er fram til ein blir junior.

– Barn må få ta del i det sunne miljøet som blir skapt gjennom idretten og det sosiale som følgjer med rundt det, avsluttar Northug.

Les også Slår alarm om idretten: Folk med jobb og hus slit med å betale for barna

Stadig flere familier, også med jobb og hus har problemer for barnas idrettsaktiviteter.

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal