NRK Meny
Normal

Norske spurtkanoner etter kaotisk finale: – Nesten sjølvmordsspurt

LANGESUND/OSLO (NRK.no): Både Edvald Boasson Hagen og Sondre Holst Enger fikk skjelven i ein sjeldent risikofylt massespurt i Tour of Norway.

Tour of Norway

TRANGT: Australske Steele von Hoff var først over målstreken på den første etappen av Tour of Norway.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Det var sinnssjukt kaotisk. Eg var sjanselaus, seier Boasson Hagen om innspurten på første etappe av Tour of Norway.

Med ein kilometer igjen gjekk terrenget nedover mot mål i Langesund. Det ga høg fart i hovudfeltet, som førte til at dei aller sterkaste norske spurtarane meinte at dei ikkje turde å gi alt då det flata ut i på eit trangt og relativt kort oppløp.

Storfavoritt Boasson Hagen enda på 38.-plass.

– Ein av dei farlegaste spurtane

Heller ikkje dei andre norske spurtarane var nær triumf.

– Det var nesten sjølvmordsspurt, seier Sondre Holst Enger.

– Var det for trangt?

– Folk kom som eit helvete bak i den nedoverbakken. Det er ein av dei farlegaste spurtane eg har vore med på, seier Holst Enger.

Boasson Hagen Tour of Norway

INGEN TRIUMF: Edvald Boasson Hagen etter innspurten i Langesund.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Tok ingen sjansar

Heller ikkje rutinerte Boasson Hagen ville ta sjansar.

– Eg vil jo helst komme gjennom løpet med all hud igjen på kroppen, seier Boasson Hagen, som også fortel at det var uaktuelt å risikere fall og skade allereie på første etappe.

Simone Antonini (Wanty), Håvard Blikra (Øster Hus-Ridley) og Trond Håkon Trondsen (Team Sparebanken-Sør) låg lenge i brudd på opningsdagen av Tour of Norway, men blei tatt igjen då det gjenstod rundt tre kilometer.

I finalen gjorde Reinart Janse van Rensburg (Dimension Data), Marco Marcato (Wanty) og Krister Hagen (forøk på å kvitte seg med hovudfeltet, men på kilometersmerket var forspranget spist opp av hovudfeltet som sette opp farten inn mot målgang i Langesund.

Australske Steele von Hoff (ONE Pro Cycling) vann massespurten.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Vålerenga - Brann