Hopp til innhold

Norske seglarar forbanna etter kollisjon: – Heilt «crazy» forhold

TOKYO/OSLO (NRK): Segleduoen Marie Rønningen og Helene Næss fekk ikkje ein optimal start på OL. Sistnemnde datt uti vatnet rett før konkurrenten deisa i båten.

fJr7446t9tw

Helene Næss og Marie Rønningen kolliderte i den andre segling.

– Det var kaos, seier Marie Rønningen til NRK.

Dei norske seglarane konkurrerer i 49er FX i dei olympiske leikane, og under andre segling tysdag, blei det dramatisk.

Då seglbåten skulle runde første bøye, hamna Helene Næss i vatnet. Sekund seinare kom den tyske båten beståande av Tina Lutz og Susann Beucke seglande i full fart retning den norske båten, og dei krasja.

Segla kilte seg saman, og det tok tid før dei løysna frå kvarandre att.

Til slutt enda den norske båten i mål over fem minutt bak vinnarbåten Storbritannia – og no er frustrasjonen høg.

Vurderte protest

Årsaka til at Næss hamna i vatnet, var tauet på trapesen som ikkje hadde festa seg slik som det skulle.

Men at tyskarane krasja i dei, meiner dei norske jentene har samanheng med at den tyske båten gjorde noko som var ulovleg.

– Rett før eg hamna i vatnet, gav vi beskjed om at det ikkje var plass på innsida av oss. Det er reglar på når det er nok plass eller ikkje, og det meinte vi dei ikkje hadde. Så då eg klarte å løyse meg ut, gjekk båten opp mot vinden og mot tyskarane, som ikkje burde vere der, forklarer Næss.

xL62au2gh0w

DRAMA: Den tyske båten smalt rett inn i dei norske kvinnene.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Sinnet koka mellom konkurrentane på det tidspunktet, og begge meinte at motsett ende gjorde feil.

– Vi skreik «protest» til dei. Det var det einaste vi sa, for vi meinte dei hadde feil. Dei ropte det til oss òg, det gjekk begge vegar. Dei var misfornøgde over at vi krasja i dei, seier Rønningen.

– Meiner de at den tyske båten braut reglane?

– Ja. Vi vurderte om vi skulle legge inn ein protest, men det er ein situasjon som kan gå begge vegar. Vi meiner at tyskarane ikkje burde vore på innsida av oss, men det er jo min feil at båten spinn opp. Det tek mykje tid med ein protest, og difor vel vi å ikkje gjere noko med det, seier Næss.

Tyske Tina Lutz ser situasjonen annleis:

– Eg synest vi var klart innanfor. Eg synest det openbert var deira feil, seier Lutz til Aftenposten.

Heldigvis kom dei norske kvinnene og seglbåten seg ut av situasjonen i god behald.

– Vi var litt stressa for båten, for det smalt ganske greitt då dei trefte oss, men både vi og båten har det fint, forsikrar Næss.

0Sg_63nljJU

SLEIT: Enda meir irriterande var det at dei store vindkasta fekk båten til å kantre i store delar av løpet, fortel jentene. Her heng Næss utanfor båten.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Aldri segla i slikt vêr før

Under seglekonkurransen var ein vitne til store bølgjer og kaotiske forhold i Sagami-bukta, ei dryg time køyring sørvest frå Tokyo sentrum.

Det var nemleg venta tyfon i Japan denne veka, men no er varselet justert ned til tropisk storm.

Likevel har jentene fått erfare korleis ein slags tyfon kan påverke vêrsystema i både luft og vatn.

– Vi kjente mykje på den i dag. Den har gjort at det er ustabile vêrsystem her, for vi er heilt ute på kanten. Vi har vore her veldig mykje i tidlegare år, kanskje fem månadar til saman, og aldri seila i denne vindretninga før. Det er det tyfonen som gjer, seier Næss og fortset:

– Det har vore ganske «crazy» forhold for oss i dag. Vinden kjem i alle retningar, det er svell i havet, mykje action og veldig ustabile forhold.

Discovery sin kommentator Bjørnar Erikstad gjekk så langt og kalla det «kamikaze»-forhold.

Det kan Rønningen støtte opp om, men ho er ikkje nervøs for tyfonvarselet.

– Vi kjenner oss trygge på at vi handterer alle forhold vi blir sendt ut i. Viss Japan sender oss ut, så er det innanfor. Vi er ikkje stressa for at det heiter tyfon eller ikkje, vi tar den vinden som er der ute, avsluttar ho.

ESHot_T6VEU

PÅ HØGKANT: Helene Næss og Marie Rønningen sleit med å få båten i gong att etter krasjen. Dei segla i mål på 17.-plass.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal