– Hovudårsaka til tapet var først og fremst at vi hadde ein lang periode i kvar omgang der vi ikkje scora, seier NRKs handballekspert Geir Oustorp.
Frå det 21. til det 28. og frå det 45. til det 54. minutt blei det null mål for Norge. Då hjelpte det lite at det defensive sat godt, slik at heller ikkje Russland scora mange.
– Med så lang måltørke er det ikkje rart det gjekk som det gjorde, seier Oustorp.
Norge hang godt på Russland i andre omgang, men kom aldri i leiinga.
Timeout tre sekund før slutt
– Akkurat no kjennest det heilt forferdeleg ut. Det var surt, og eit tøft tap å svelje, seier Camilla Herrem til NRK. – Vi jagar heile kampen, men får det ikkje heilt til.
– Vi må ikkje berre tenkje på det siste hektiske minuttet, vi må ta heile kampen under eitt, seier ho.
For tre sekund før full tid tok landslagssjef Thorir Hergeirssom timeout. – Eg trudde det var meir tid igjen, sa han under timeouten.
– Det var ikkje ein tabbe. Vi var klare for timeout, og tapte neppe meir enn to sekund på det, seier landslagssjefen.
Trass tapet fann Hergeirsson mykje å gle seg over.
– Dette er ein av dei beste kampane vi har spela i 2015. Vi ser konturane av eit skikkeleg godt forsvar. Angrepsmessig går det bra når vi klarar å leike med tempoet. Men vi blir litt for ivrige av og til, analyserer Hergeirsson.
Irritert Mørk
Nora Mørk var irritert over tapet.
– Ja, dette var irriterande, seier ho og tenkjer på sjansen ho brende i dei siste sekunda. – Eg burde sett den ballen i mål, sjølv om eg vart hindra.
Fleire meinte at Norge burde hatt straffe i den situasjonen. – Det var ikkje dommaren si skuld, sjølv om mange kanskje meinte det då, seier Mørk.
– Men vi skulle avgjort det før. Vi hadde mange sjansar til det.
Video: Nora Mørk var irritert etter tapet (artikkelen held fram under videovindauget)
Norge måtte jage
Norge scora ikkje eit einaste mål på sju minutt, og Russland kom ajour. Ved pause var det 14-11 til Russland.
Norge gjekk sterkt ut etter pause, men klarte aldri å ta leiinga. I ein periode på ni minutt scora ikkje Norge eit einaste mål.
Men så losna det, og på knapt halvanna minutt gjekk Norge frå 20-23 til 23-23. Men nærmare kom aldri det norske laget.
– Kva betyr dette tapet for resten av VM?
– Det kan bety at vi ikkje vinn gruppa, og kan derfor spele inn kva motstandar vi får seinare i turneringa, seier Geir Oustorp.