– Det kunne ikkje gått betre. Eg har aldri slått dei slik som eg gjorde i dag, so eg er sjukt happy, seier Marcus Kleveland til NRK.
Han har nettopp teke sin første verdscupsiger, og det i sin andre sesong på landslaget. I finalen landa han det spektakulære trikset backside trippelcork 1620.
– Det er berre morosamt. Det å starte med ein siger gir ein ekstra boost inn mot neste konkurranse, seier Kleveland.
Overlegen
I førsteomgang av Big Air-konkurransen i Milano fekk Kleveland ein score på 93.00, og hadde med det ei knapp leiing ned til andremann, belgiske Seppe Smits som låg på 92.25.
Godt an låg også kanadiske Mark McMorris etter den første omgangen. Mcmorris har blant anna fire gull i x-games, og ein bronse frå OL frå før, og var attende i konkurranse etter å ha vore ute med lårbeinsbrot.
Men korkje Smits eller McMorris klarte å tukte Kleveland i den andre omgangen. Nordmannen fekk konkurransens høgaste poengsum då dommarane lønna han med 95.00 poeng.
Dermed vann han konkurransen med 188.00 poeng, nesten ti poeng framom Smits på andreplass. Ingen andre norske tok seg til finalen.
– Det er ein konkurranse der alle køyrer bra, då er det ekstra kjekt å vinne, seier Kleveland til NRK.
Kan nå OL
Big Air er nytt på OL-programmet frå og med 2018. Dit vil den norske 17-åringen.
– Eg har veldig lyst å komme meg dit, og sjølvsagt gjere det bra.
Men først er det neste konkurranse. Den finn stad i Beijing kommande helg, der skal også Kleveland delta.
– Eg satsar på å sette dei same triksa eg gjorde i dag. Det fungerte ganske bra.
Og då er også ambisjonane på plass.
– Satsar du på å gjenta bedrifta frå i dag?
– Ja, det håpar eg. Det hadde vore kjekt.