Hopp til innhold

Norge til semifinale med svenskehjelp

Oslo/Malmö (NRK): Sverige slo Ungarn 24-18 og gjorde kvelden fullkomen for Norge i handball-EM.

Andreas Nilsson

GODE GRANNAR: Andreas Nilsson og dei andre på det svenske laget sende Norge til semifinale i EM

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

Norge var nesten sikre på semifinale etter 31-28 over Island. Drygt to timar seinare var semifinaleplassen heilt i boks med Ungarns tap.

Norges kamp mot Slovenia onsdag blir dermed berre kamp for norsk gruppesiger. For Slovenia blir det også ein kamp om å sikre seg den andre semifinaleplassen.

NRKs ekspertar trudde ikkje på svenskehjelp etter sigeren mot Island.

– Nei, seier gjeste-ekspert Magnus Abelvik Rød.

– Nei, seier Håvard Tvedten.

Dei trudde Norge måtte vente til etter Norges kamp mot Slovenia i morgon for å slå fast at Norge er i semifinale fredag. Ein kamp der Norge har minimalt med tid til å førebu seg til.

– Vi skulle hatt minimum ein dag, helst to, for å restituere oss godt nok, seier Reinkind til NRK.

Norge har berre 22 timars kvile før den siste og avgjerande kampen mot Slovenia. I den andre gruppa hadde dei fri tysdag, og har dermed ein fridag før siste gruppekamp onsdag.

Restituerer seg med isbad

Christian Berge

KVILE: – Det er litt knapt, seier landslagssjef Christian Berge om at det er mindre enn eit døgn mellom dei to siste gruppekampane

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Den avgjerande kampen mot Slovenia går allereie i morgon. Det vil seie at spelarane får berre 22 timar mellom kampane. Det meiner dei norske spelarane er for lite.

– Ja, det er altfor tett. Vi skulle hatt minimum ein dag, helst to, for å restituere oss godt nok, seier Harald Reinkind til NRK.

– Vi er langt ute i meisterskapet no, og eg håpar dei norske gutane er godt nok trena til at det ikkje påverkar dei, seier Tvedten.

Dei norske spelarane skal ta isbad i kveld for å få beina klare til kamp igjen.

– Ja, beina skal bli så bra som mogeleg til kampen i morgon, seier Reinkind.

– Ein eller annan har sagt at det skal vere bra, så det er sikkert rett. Det funkar sikkert bra i dag og, seier O'Sullivan.

– Vi har svidd av litt krut

Christian O' Sullivan samstemmer.

– Det likar vi ikkje, seier han.

– Vi bør ha ein dag imellom. det er best for oss spelarar, for at vi skal halde oss skadefrie. Men så lenge det er likt i vår gruppe, får vi leve med det, seier han.

Trenar Christian Berge er samd med spelarane.

– Eg synest det er knapt. Vi svir av litt krut her (i kampen mot Island), så får vi sjå kva vi får til i morgon, seier han.

Han reknar med at spelarane er litt småslitne.

– Vi spelar mot dei beste laga i verda, og det blir tøft. Men vi må berre gjere rette grep for å vere klare til i morgon.

Knallstart av Norge

Christian O'Sullivan

ISBAD: Dei norske spelarane skal få skikk på beina med isbad etter den tøffe kampen mot Island. – Det funkar sikkert bra, seier Christian O'Sullivan

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Opningsminutta mot Island var ein norsk maktdemonstrasjon. 7–0 til Norge etter sju minutt knuste ikkje Island, og det gjekk 8.48 minutt før islendingane scora.

– Eg ser ikkje at Island har særlege sjansar til å kome tilbake i kampen no, sa Håvard Tvedten. Då stod det 11-3, og første omgang var berre halvspela.

Men Island kom tilbake. Sjumålsleiing ved pause blei redusert til tre midt i andre omgang. Men så var det stopp. Norge vann og har minst ni tær i semifinalen. Den siste tåa kan vi få med oss dersom Sverige slår Ungarn seinare i kveld.

– Vi starta heilt perfekt. Vi var fantastisk gode framover, og heldt tett bakover. I andre omgang slit vi med å vinne ein mot ein, og vi bommar for mykje. Kort sagt ein god førsteomgang, og mykje som kan forbetrast i andre, sa Christian O'Sullivan til NRK.

For Island blei det ein kampstarten ein katastrofe. Norge storspela, kontra og redda. Drygt sju minutt etter kampstart stod det 7–0.

Klokka viste 8.48 før Island fekk sitt første mål.

– Vi fekk ein kjempestart, og slapp oss kanskje nedpå etter det. island gir aldri opp, det har dei vist gong på gong. Så gjer vi litt enkle feil som eg ikkje trur vi hadde gjort om det hadde vore jamt, seier Kristian Bjørnsen.

– Er kampen avgjort på 7-0?

– Nei, men vi flyt på den leiinga stort sett heile kampen. det er tungt for Island å jobbe seg inn igjen, men dei er nære.

Nesten islandsk nærkontakt

Norge flaut på leiinga frå dei nesten absurde opningsminutta, men drog ikkje lenger frå. Island heldt avstanden, og ved pause stod det 19–12.

– Dei første minutta av andre omgang er viktige. Då skal vi drepe kampen, sa Rød.

Det gjekk ikkje heilt slik. Island kjempa seg nærmare Norge, og var berre tre mål bak midtveges i omgangen. Ofte kom dei seg lett gjennom det norske forsvaret.

– Får dei kontakt, er dei farlege, sa Tvedten.

Men dei fekk aldri nærkontakt. I dei siste minutta svinga det mellom tre og fem mål norsk leiing. Og Norge drog det i land.

– Vi blei ikkje stressa, men merka at vi måtte gire litt opp for å ikkje ryke på ein smell, sa Harald Reinkind.

Fryktar ingen i semifinalen

Om ein eventuell semifinale seier O'Sullivan at det ikkje betyr så mykje kven som er motstandar.

– Vi veit vi kan slå alle, og fryktar ingen. Det er ikkje mange som kan slå oss om vi spelar som første minutta mot Island, sa han.

Islands keeper Viktor Gísli Hallgrímsson blei kåra til bestemann på bana.

– Vi spela ikkje så bra, men eg fekk nokre redningar, sa han.

Han ser på kampen som ei god erfaring.

– Dei er eitt av dei beste laga i verda, så det var ei spesielt god erfaring for meg og dei yngste.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal