NRK Meny
Normal

Norge har vore verdas beste VM-nasjon i 108 år - nå kan det vere slutt

I 108 år har Norge vore verdas leiande VM-nasjon. Den posisjonen kan vi miste i Berlin denne helga.

Kramer og Lunde Pedersen

TRONSKIFTE? Om Sven Kramer ikkje skal utlikne Norges historiske forsprang, må nok Sverre Lunde Pedersen overgå seg sjølv for å slå han

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

– Eg skal massere Sverre litt ekstra i dag, for Oscars skuld, ler Håvard Bøkko.

Bøkko snakkar om Norges største håp under VM i Berlin, Sverre Lunde Pedersen, og Norges fyrste VM-konge på skøyteisen, Oscar Mathisen.

Kramer vil sikre rekord

For 36 gonger har ein norsk løpar stått øvst på pallen i allround-VM. Nederlendarar har gjort det same 35 gonger.

Men om Sven Kramer innfrir favorittstempelet og vinn i Berlin, har Nederland utlikna til 36-36 - og Norge mistar rekorden me har hatt så lenge.

– Det hadde vore hyggeleg, slike historier er alltid moro å vite. Men hovudmålet mitt er å bli verdsmeister, seier storfavoritt Sven Kramer til NRK.

Sverre Lunde Pedersen blei sjuk da han skulle utfordre den suverene nederlendaren under EM allround i Minsk tidlegare i vinter. Nå er han klar for å gje 29-åringen kamp og halde rekorden i landet.

– Nederland har mange rekordar, så det hadde vore greitt å hindre dei i å ta den. Målet er medalje, men eg må ha nok 10-15 sekund før 10.000 meteren om eg skal ha sjanse til å slå Kramer, seier Pedersen.

Du kan følgje VM laurdag og søndag her. Sendestart laurdag kl 12.30.

Oscar Mathisen

GAV NORGE LEIINGA: Oscar Mathisen gav Norge 5-4 over Nederland i VM-titlar då han vann i 1908. Sidan har Norge toppa list åleine. Men det kan det bli slutt på søndag

Foto: NTB scanpix

Det tok til i 1908. Oscar Mathisen vann den første av det som skulle bli hans fem titlar. Det var samstundes Norges femte, og Norge passerte Nederland, som berre hadde fire.

Norske skøytekongar

Sidan var Norge skøytestormakta, og håva inn tittel på tittel. Oscar Mathisen (5), Bernt Evensen (2), Ivar Ballangrud (4), Michael Staksrud (3), Hjalmar Andersen (3), Knut Johannesen (2) og Johann Olav Koss (3) bidrog sterkt til det.

Samstundes var det tørke for nederlandsk skøytesport. 56 år gjekk – frå Coen de Koning i 1905 til Henk van der Grift i 1961 – utan ein einaste nederlandsk verdsmeister.

Etter Per Ivar Moes tittel i 1965 leia Norge med 28-5.

Nederlandsk revolusjon i 1966

Kees Verkerk og Ard Schenk

DÅ DET SNUDDE: Kees Verkerk og Ard Schenk slo gjennom og førte Nederland tilbake i toppen i 1966

Foto: Aaserud, Ivar / NTB scanpix

Men så kom 1966 og den nederlandske skøyterevolusjonen. Det skøytegalne landet tok til å byggje kunstfrosne baner.

Resten er historie, og Nederlands dominans har berre blitt større og større. Norges førebels siste tittel er Johann Olav Koss' gull frå 1994 – for 22 år sidan.

Sju gull til Kramer

Nederlandske løparar har sidan da vunne 17 VM-gull. Sven Kramer har teke sju av dei.

SVEN KRAMER

KONG SVEN: Sven Kramer har åleine teke sju VM-gull dei ti siste åra, og er favoritt også i helga

Foto: BAS CZERWINSKI / Ap

I dag er det dei som «eig» skøytesporten. Og kan ta igen Norges historiske forsprang. Dersom ikkje Sverre Lunde Pedersen skulle få sitt allround-gjennombrot akkurat denne helga.

– Sverre er ein av favorittane. Viss han går som han har gjort dei siste vekene, kan det bli skummelt, meiner Kramer.

PS: Norge har iallfall med tre herreløparar til årets VM. Nederland har berre to.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting